Ordførar Eva Aurdal og Kommunedirektør Jon Steven Hasseldal
Jon Åge Giske Andersen
Dagens møte starta med orientering frå barnevernstenesta. Dei fortalte om dagens situasjon, økonomi og utfordringsbilete, samt kva løysingar dei har iverksett for å avbøte vanskane. Verksemdsleiar Lene Solheim fortalde også om innsatsområda for 2023, mellom anna om at ein forbereder seg for delinga til to kommunar.
Trafikkløysing i Ålesund sentrum
I saka om ny bru over Brosundet vart det vedteke eit anna forslag enn det som var tilrådd frå formannskapet. Den vedtekne løysinga inneber ei breiare bru, på 13,75 meter. Det kom og eit ønske om at heilskapleg sentrumsplan skal inngå i neste rullering av arealplan, og eigne saker om parkeringsstrategi og sykkeltrase i sentrum i framtida.
Haram bygdebok
Kommunestyret bestemte seg for å stille opp for Haram bygdebok, eit kommunalt eigd aksjeselskap, ved å gje ein lånegaranti på inntil 350 000 kroner. Dette skal gjere det mogleg for selskapet å fullføre arbeidet sitt før fleire tilsette skal gå av med pensjon.
Flyktningar
I tråd med tilrådinga frå formannskapet, valde kommunestyret å gå for et mottak av 300 flyktningar for 2023. Ein av plassane vert nytta til busetting av einsleg mindreårige under 15 år, og to av plassane vert nytta til busetting av einsleg mindreårige over 15 år, i tillegg vert tre av plassane nytta til einsleg mindreårige med følgeperson.
Ålesund kommunestyret ber kommunedirektøren om ein statusrapport pr 01.06.23. Og ei vurdering då om kva moglegheiter kommunen har til å ta imot ytterlegare flyktningar på ein forsvarleg måte.
Andre vedtak og spørsmål
Det vart innmeldt tre grunngitte spørsmål til ordføraren i forkant av møtet.
- Om manglande elevarkiv frå tidlegare Helland skule, frå Heidi Hoem Bjurbeck (Rødt)
- Om barnehagen på Longva, frå Lisa Alvestad (SP)
- Om risikovurdering av avløp og renseanlegg, frå Hege Kristin Natland (SP)
Svar på spørsmåla, samt alle vedtak, kan du lese i protokollen eller sjå opptak frå møtet på KommuneTV.