I brevet står det at Statsforvaltaren ser svært alvorleg på at kommunen ikkje fyller krava om reinsing, og har ureinsa utslepp frå reinseanlegga. Berre tre av kommunen sine 17 reinseanlegg innfrir krava.
På oppmoding frå Miljødirektoratet, strammar Statsforvaltaren no inn retten sin til å kome med motsegn i plansaker og reguleringssaker for å få framdrift i arbeidet med å oppgradere reinseanlegga.
Denne innstramminga kan få konsekvensar for både pågåande og planlagde utbyggingar av hytte- og bustadområder der det er over 10 000 personar som soknar til same reinseanlegg. Det gjeld både offentlege og private utbyggingar.
Kommunalsjef for miljø, by- og stadutvikling, Ole A. Søvik seier dei vil gå i dialog med Statsforvaltaren for å sikre framdrift i aktuelle planar.
-Svært uheldig for kommunen
-Dersom ein ikkje får etablert tydelige og pålitelige planar for utbetring av reinse-anlegg og andre vatn og avløp-installasjonar, kan Statsforvaltaren dermed krevje at desse tiltaka må være gjort før utbygging kan skje. For vidare utvikling av fleire bydelar i kommunen er ein slik situasjon svært uheldig og Ålesund kommune vil med ein gong gå dialog med Statsforvaltaren for å hindre at ein slik situasjon oppstår, seier Ole Søvik.
I Ålesund gjeld brota på løyvet for avløpsanlegga Hessa, Aspøya, Nørvøya (Lerstad, Breivika), Åse og Flisnes.
Verksemdleiar for vatn og avløp, Arve Olav Bang seier verksemda arbeider med utfordringane.
-Det er fleire prosjekt i gang for å utbetre fleire av reinseanlegga for at dei skal ha tilfredsstillande primærreinsing. Vi har nok ikkje vore flinke nok til å formidle til Statsforvaltaren om våre prioriteringar, planar og aktivitetar, seier Bang.
Mange tiltak i gang
-Verksemda har også over tid arbeidd med mange store tiltak kor det har vore vurdert at desse er kritiske punkt som gjeld vatn og avløp som må prioriterast. Det har blant anna blitt arbeidd med utbetring av Posthuskrysset, det blir arbeidd i Spjelkavik, Olsvik og på Aspøya. Dette er område som har vore plaga med mykje framandvatn, overløpsvatn og leidningsbrot, seier Bang.
Ålesund kommune rapporterer kvar år til Statsforvaltaren om statusen til reinseanlegga og i fleire år har kommunen ikkje halde kravet om utsleppsløyve. I tillegg har kommunen mykje overløpsvatn i avløpsnettet slik at vatnet ikkje kjem til reinseanlegga, men går ureinsa ut i naturen.
Må lage nye planar
-Eg ser svært alvorleg på innhaldet i brevet frå Statsforvaltaren som i yttarste konsekvens kan stoppe utviklinga av store delar av kommunen vår framover. Ålesund kommune har arbeidd med avløpsproblematikken i fleire år, men har ikkje hatt den nødvendige framdrifta i arbeidet slik at vi har fått lukka avvika.
Brevet frå Statsforvaltaren gjer det heilt nødvendig at vi no lagar framdriftsplanar med klare milepelar, som er forpliktande og blir følgd opp, seier kommunedirektør Astrid Eidsvik.
Statsforvaltaren vil gjennomføre eit nytt tilsyn i 2021.
Sjå brevet frå statsforvaltaren her. (PDF, 227 kB)