Siste nytt

Fem nye smittetilfelle i Ålesund laurdag

Illustrasjon av koronaviruset. - Klikk for stort bilete Ålesund kommune har i perioden fredag kveld til laurdag kveld fått stadfesta fem nye smittetilfelle.

Om tilfella:

  • Ein person i Jugendbyen barnehage er bekrefta smitta, og det blir arbeidd med å finne smittekjelde. Tilsette og barn i barnehagen er satt i karantene. Familien er satt i ventekarantene. Barnehagen er stengt inntil vidare.
  • Ein person med tilknytning til Veslefrikk barnehage har testa positivt. Smitteoppsporing pågår. Inntil smittesituasjonen er mer avklart er tilsette og barn i barnehagen satt i karantene. Barnehagen er stengt inntil vidare.
  • Tre nye tilfelle har relasjon til utbrotet ved Toldboden. For to av desse er det ikkje nærkontakter. Ein av desse tre er tilsett på eit hotell i Ålesund. Dei ni tilsette ved hotellet på same skift er definert som nærkontaktar og er satt i karantene. Gjestene ved hotellet er satt i ventekarantene.
Til toppen