Fastsetting av arkivansvar, reglement for folkevalde og politisk delegeringsreglement Torsdag 28. September vert kommuneutvala i Ålesund og Haram samla til møte. På sakslista står fastsetting av arkivansvar ved kommunedelinga, reglement for folkevalde organ i Ålesund kommune og politisk delegeringsreglement. Møta startar kl 09.00 og blir sendt direkte på Kommune-TV. Kommuneutval Haram har ID-huset som møtestad Jon Åge Giske Andersen Når Ålesund 2024 og Haram 2024 vert to nye kommunar frå 1 Januar 2024, er det mykje som må på plass. Kommunedirektøren si innstilling er at når dagens Ålesund kommune vert delt i kommunane Ålesund (Ålesund 2024) og Haram (Haram 2024) vert ansvar og kostnadar fordelt som følgjer: Haram 2024 vert arkivansvarleg for alt arkivmateriale som tidlegare Haram kommune var ansvarleg for før 2020. Ålesund 2024 vert arkivansvarleg resterande arkivmateriale, jamfør punkt 1. Ålesund 2024 vert arkivansvarleg for arkiv frå dagens Ålesund kommune (fellesperioden). Ålesund 2024 og Haram 2024 ber kostnadar til forvaltning av dei arkiv dei vert arkivansvarlege for. Haram 2024 dekker kostnadane som følgjer med drift av kopidatabase tilknytt Haram 2024 sitt arkivsystem Elles skal Ålesund kommuneutval ta opp reglement for folkevalde og politisk delegeringsreglement Kommuneutval Ålesund Møtet startar kl 09.00 og opptaket ligg på KommuneTV Sjå sakslister og dokument til kommuneutval Ålesund Kommuneutval Haram Møtet startar kl 09.00 og opptaket ligg på KommuneTV Sjå sakslister og dokument til kommuneutval Haram Sist endra 02.10.2023 09.42