Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Siste nytt

Er du vår nye verksemdsleiar?

Vil du vere med å sikre ei smart og berekraftig by- og regionsutvikling?

Vi treng verksemdsleiar for vatn og avløp.

Klikk for stort bildeill. Harald M. Valderhaug  

Som verksemdsleiar har du ei viktig rolle i samordning og utvikling av sentrale tenesteområde for innbyggarar og næringsliv i den nye kommunen.

I tillegg vil verksemda vere ein viktig aktør i utvikling og gjennomføring av smartby-strategiar og -konsept, der Ålesund har tatt ei leiarrolle som ein aktiv deltakar i FN sitt smartby-nettverk. Søknadsfrist 17. august.

Offentleg toppstilling

Verksemda for vatn og avløp er ein del av kommunalområdet miljø, by- og stadutvikling i Ålesund kommune. Verksemda er organisert i seks avdelingar, vil få i overkant av 80 tilsette, og står framfor store utbyggingsprosjekt innan vatn og avløp. Medarbeiderane er lokaliserte i Ålesund og Brattvåg. Kontorstad for verksemdsleiar vil vere Åleund.

Verksemdsleiaren rapporterer til kommunalsjef og er med i leiargruppa for kommunalområdet.

Ålesund samarbeider med FN og fleire andre norske kommunar for å sikre berekraftig by- og regionsutvikling. I den samanheng er kommunen med i FN sitt program for smarte og berekraftige byar og samfunn - U4SSC (United for smart and sustainable cities) og driv Ålesund framtidslab i samarbeid med programmet og partnarar. I tillegg er kommunen med i fleire nasjonale nettverk der målet er å bruke digital teknologi og innovative metodar for å gjere kommunen betre for innbyggarane og kommunen meir produktiv. Verksemdsleiaren vil vere ein sentral part i utviklinga av Ålesund kommune til ein smartare by.

Arbeidsoppgåver

   

  • Ansvar for løpande drift og vidareutvikling av verksemdsområdet
  • Leie og utvikle verksemda i samsvar med kommunen sine satsningsområde
  • Overordna økonomi-, personal- og fagansvar for verksemdområdet
  • Legge til rette for ein god dialog med innbyggarar, næringsliv og akademia
  • Stimulere til tverrfagleg samarbeid og legge til rette for samhandling på tvers av kommunalområdet sine verksemder og avdelingar

Ønska kvalifikasjonar

   

  • Høgare utdanning
  • Erfaring frå leiing i offentleg eller privat verksemd
  • Kunnskap og interesse for verksemda sine fagområde, digitalisering og smartby-teknologi
  • Meistre norsk og engelsk munnleg og skriftleg
  • Førarkort kl. B

Personlege eigenskaper

   

  • God på strategiske prosessar og ser moglegheiter til å utvikle verksemdsområdet
  • Tydeleg i prioriteringar og kommunikasjon
  • Stor arbeidskapasitet og gjennomføringskraft
  • Evne til å inspirere og motivere
  • Positiv, engasjert, strukturert og analytisk

Du finn heile på Personalhusets sider

Søknadsfristen er 17. august.

Til toppen