Er du mellom 16-20 år? Bli med til Akureyri i juni! Vi søker etter 10 ungdommar mellom 16-20 år som vil bli med til Akureyri for Nordisk vennskapsbyveke (NOVU). Det blir ei veke med kreativitet, workshops og ein får moglegheit til å bli kjent med andre ungdommar frå Randers, Västerås, Lahti og Akureyri. Søknadsfrist er 1. april. Flagg Norge, Island, Finland, Danmark og Sverige Shutterstock Siste veka i juni deltek Ålesund kommune på Nordisk vennskapsbyveke (NOVU) i Akyreyri på Island. Det er ei veke der 85 ungdommar mellom 16-20 år møtest i eit av dei nordiske landa. Du får ei veke med sightseeing og deltaking på ulike workshops:. På kvelden er det ulike sosiale aktivitetar, der det er rikeleg med høve til å vere saman med ungdom frå dei andre nordiske landa. Det er heilt gratis å delta, og du får dekt fly, overnatting, mat og flotte opplevingar. Ålesund sine vennskapsbyar er Randers, Västerås, Lahti og Akureyri. Årets tema er «Can culture bring us closer together? – The voice of young people». I 2019 var NOVU i Ålesund, sjå film frå veka og få eit glimt av opplevingane. Krav for å delta: Ungdom mellom 16-20 år Folkeregistrert adresse i Ålesund Interesse for nordisk samarbeid og ønske om å knyte nye vennskapar – kanskje for livet Reiseinformasjon: Vi drar laurdag 25. juni, og er tilbake 2. juli. Vi har 10 plassar for ungdom frå Ålesund, som reiser saman med to ungdomsleiarar. Både reise, mat og opphald er gratis for ungdommane! Påmeldingsskjema Søknadsfrist er 1. april. Etter påske blir det gjort eit utval blant dei som har søkt til dei 10 plassane som er ledige. Gå til skjema for å melde deg på NOVU 2023 For meir informasjon: Lurer du på noke kan du ta kontakt med ungdomsleiarane: Karina Sundby, telefon 95 46 99 46 Mathias Tvedten, telefon 46 88 35 83 Sist endra 20.03.2023 11.23