Endring hos byggesak i tida fremoverByggesaksavdelinga har for tida redusert drift og stor saksmengde. For at vi best skal kunne følgje opp saker og arbeide med å korte ned ventetida, ser vi det som nødvendig å få alle førespurnadar skriftleg. Dersom innbyggartorget ikkje kan hjelpe deg, eller du ønskjer kontakt med ein sakshandsamar direkte må du sende ein e-post til postboksbyggesak@alesund.kommune.no. Du vil då få svar skriftleg eller så vil sakshandsamar ringe deg opp så snart som mogleg. Det er fint om du får med kontaktinformasjon og litt informasjon om kva saka gjeld (til dømes gards- og bruksnr. eller saksnr.) i dei skriftlege henvendingane, då vert det enklare for byggesaksavdelinga å gi gode svar på kortast mogleg tid. Det presiseres at søknader framleis skal sendes til postmottak@alesund.kommune.no Sist endra 04.09.2023 15.11