Kommunestyremøtet starta som alltid med allsang
Jon Åge Giske Andersen
Vil søkje om vidare drift for Longva
Eit fleirtal i Ålesund kommunestyre ber kommunedirektøren søke barnehagemyndigheita om å forlenge dispensasjonen om delt lokasjon for Haramsøy. Dette for å la nye Haram Kommune få fatte endeleg avgjersle om barnehagestruktur etter kommunedelinga er gjennomført.
Dersom dispensasjonen blir godkjent av barnehagemyndigheita, legg kommunedirektøren fram ei sak for politisk behandling med dei økonomiske konsekvensane.
Overvaking på skular
Etter ei rekke hærverks-episodar ved ulike skular i kommunen, har ÅKE bede om høve til å setje opp overvakingskamera der det er vurdert som naudsynt. Følgande forslag vart vedtatt.
-
Ålesund kommunestyre vedtar at Ålesund kommune kan benytte kameraovervåking som forebyggende tiltak mot hærverk på sine eiendommer hvor dette er strengt nødvendig.
-
Terskelen for å innføre kameraovervåkning skal være høy og i henhold til retningslinjer som daglig leder i Ålesund kommunale eigedom KF og kommunedirektøren gis fullmakt til å utarbeide. Retningslinjene skal basere seg i hovedsak på de prinsipper og rammer som fremgår av saken.
Osane idrettshall
Etter mange års venting er Osane idrettshall no vedtatt, og den vert bygd både raskare og med eit større budsjett enn det som var bestemt tidlegare. Kommunestyret vedtok å gjennomføre både byggetrinn 1 og 2 samstundes, og uttrykte at det var grunna saker som denne at det hadde vore viktig å ikkje hamne på ROBEK-lista. No kan kommunen investere i framtida.
Leif Hovde var blant dei som presenterte årsmelding frå ulike råd. Han la fram årsmeldinga frå Eldrerådet
Jon Åge Giske Andersen
Les meir
Om du vil lese om alle sakene kommunestyret behandla 23.03, så ligg protokollen ute i Innsyn. Du kan også sjå opptaket på KommuneTV, der alle sakene, forslaga og voteringa er festa til bokmerke.