Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Information about corona in other languages.

Siste nytt

Endeleg ny leikeplass i Byparken

Klikk for stort bildeLeikeplassen i Ålesund sentrum har lenge vore klar for ei oppgradering. I lag med byggeprosjektet BoiBy på Nedre Utstillingsplass og med midlar frå «Byen som Regional Motor»  (BRM), vil det til hausten stå ein heilt ny leikeplass klar - til glede for store og små. 

- Vi ønsker at leikeplassen i Byparken skal vere eit spennande tilbod til dei mellom 1 og 15 år. Her skal det vere alt frå enkle apparat for dei minste, tradisjonelle og populære apparat, til komplekse apparat som byr på større utfordringar og meir spenning for dei eldre, seier landskapsingeniør i kommunen i verksemd veg, grønt og anlegg, Linda Fiskerstrand Sperre.

Bak leikeplassen ligg også Byparken og trappene til Fjellstua.  Samla meiner kommunen at dette vil gjer at tilbodet i Byparken samla sett vert mykje betre, og gir nye moglegheiter til leik og utfoldig for brukarar i alle aldrar.

- Vi håper dette blir eit så spennande tilbod at folk vil kome tilbake til leikeplassen fleire gonger, fortel Sperre.

Men før ein ny leikeplass står klar, skal kommunen lyse ut ein konkurranse på korleis den skal sjå ut.

Skal konkurrere om utforminga

Arbeidet starta allereie hausten 2019. Då gjennomførte kommunen ein medverknadsprosess for å kartlegge ønsker og behov. Resultata er tatt med i vurderinga av kva funksjonar som er ønskeleg. Arbeidet skal no lysast ut på anbod.

- Ved å setje ut planløysinga på anbod kan leverandørane betre sette saman design og apparat som lagar ein god heilskap. Dei kan også tilpasse apparata dei tilbyr til det faktiske arealet på plassen.

- Vi kjem til å vise fram korleis leikeplassen vil bli sjåande ut når vi har gjennomført konkurransen. Dette gler vi oss til, fortel ho. 

Stengt leikeplass og rivinga er i gang

Allereie frå måndag 18. mai blir leikeplassen stengt. Apparata som står der skal rivast og driftseininga ved verksemd veg, grønt og anlegg skal blant anna skifte ut massa som ligg i grunnen og legge fundament til leikeplassen. 

Arbeidet vil vare no frå våren og gjennom sommaren, noko som betyr at det ikkje vil vere moglegheiter for leik på leikeplassen. Men her har Linda nokre gode alternativ i lokalområdet. 

- Alternative leikeplassar i nærleiken er Brusdalshagen ved Klipra, Tollbuparken ved Stuen kiosk, O. A. Devolds gate og Øvre Brøgger plan i Nedre Strandgate.

Ny leikeplass i byparken vil vere ferdig og klar for store og små hausten 2020. 
 

Til toppen