Elsparkesyklar, flyktningar og trafikkløysing for sentrum Formannskapet tok mange store avgjerder under tirsdagens møte. Det kom eit nytt forslag til trafikkløysing i Ålesund sentrum, ein ønska meir utgreiing i saka om Osane idrettshall og ein tilrår å busette 300 flyktningar i 2023. Illustrasjonsbilde Marit Brunstad / Ålesund kommune I forkant av møtet vart det skrive ein artikkel som gjorde ein gjennomgang av dei ulike sakane som skulle opp til behandling, den kan du lese her. For full oversikt over vedtaka, dei ulike forslaga og kven som stemte kva, kan du sjå protokollen på innsynssida vår. Det er også mogleg å sjå heile møtet i opptak frå KommuneTV. Sist endra 13.09.2023 15.49