Elbilrabatt, TikTok og framtida til Framtidslaben

Tirsdag 18. april er det klart for nytt møte i formannskapet. Møtestad er formannskapssalen i Ålesund rådhus, og møtet tek til 09:30. I denne artikkelen er gitt ei skildring av eit utval saker, resten av sakene finn du i sakspapira nederst, saman med lenke til direktesendinga.

Ein mann blar i sakspapir - Klikk for stort bileteIllustrasjonsbilete Marit Brunstad / Sponland Foto

I løpet av møtet vert det gitt fleire orienteringar, både frå Statens vegvesen og frå fleire i administrasjonen. Desse vil mellom anna gi innsikt i kommunens økonomi, og i framtidig organiseringa av Framtidslaben.  

Redusert rabatt for nullutsleppskøyretøy

Andelen nullutsleppskøyretøy på nordøyvegen har auka frå 23,2% til 29,3% det siste halvåret. Desse får i dag 50% lågare passeringspris enn konvensjonelle køyretøy.

For å oppretthalde den inntekta vegprosjektet må ha for å betale lånekostnadane sine, er ein avhengig av ein høg nok gjennomsnittstakst. Om det kjem fleire køyretøy med stor rabatt enn ein hadde rekna med, vil det derfor komme inn for lite pengar. Dei pengane må då krevast inn frå dei andre køyretøygruppene. 

Den aukande andelen nullutsleppskøyretøy kan altså medføre risiko for at prisane på konvensjonelle køyretøy over tid blir så høge at trafikken blir redusert. Det vil då medføre Dette kan vere risikabelt for finansieringa av prosjektet.

Statens vegvesen har opna for å redusere rabatten til nullutsleppskøyretøy frå 50% til 30%. Ein slik reduksjon er i tråd med vedtak frå tidlegare Haram og Sandøy kommuner, samt fylkeskommunen om at ein ønska at nullutsleppskøyretøy og konvensjonelle køyretøy skulle ha lik rabatt.

TikTok og Telegram

Nasjonal Sikkerhetsmyndighet (NSM) har gjort ei vurdering av appane TikTok og Telegram, og kommunedirektøren har følgeleg innført restriksjonar for tilsette sin bruk av desse. Dette er ei sterk fagleg anbefaling frå NSM, og det fell naturleg for oss at Ålesund kommune følgjer slike anbefalingar i sikkerheitsarbeidet vårt. God informasjonssikring er svært viktig for oss, både for å kunne sikre dei kommunale tenestene, og for å sikre forsvarleg handtering av informasjon om innbyggarane våre.

Det er no foreslått at desse restriksjonane også vert gjort gjeldande for dei folkevalde.

Forvaltning av drikkevasskjelda

Bystyret vedtok i 2018 at det skulle settast ned ei arbeidsgruppe for å utarbeide ein overordna forvaltingsstrategi for drikkevasskjelda Brusdalsvatnet med nedbørsfelt. Bakgrunnen for dette, var utfordringer knytt til forvalting og handheving av regelverk.

Arbeidet har pågått over mange år, og det foreligg no ein gjennomarbeida forvaltingsstrategi som det er viktig å få politisk vedtatt slik at den kan takast i bruk. Dette dokumentet skal nyttast i alle relevante saker som gjeld drikkevassforsyninga knytt til nedbørsfeltet til Brusdalsvatnet.

Meir informasjon

Desse sakane er berre eit lite utval av det formannskapet skal behandle på tirsdag. For å lese meir, kan du lese sakspapira i Innsyn.

På KommuneTV kan du sjå direktesendinga, eller opptak i etterkant av møtet.