Siste nytt

Ekstremvêr i Møre og Romsdal frå onsdag

Det er sendt ut farevarsel om regn, skred, vind og flaumfare onsdag 12. januar. Ekstremvêr Gyda er på veg. Ta nødvendige forholdsreglar og hald deg oppdatert.Foto av regn ned et hustak - Klikk for stort bilete Unsplash  

Vi ber alle om å ta nødvendige forholdsreglar og følgje med på Varsom.no. Varslene oppdateres flere ganger i døgnet og du kan abonnere på varslene på sms/e-post.

Her er nokon av Ålesund brannvesen KF sine råd:

  • Sikre alle lause gjenstandar på eigedommen: Trampolinar, hagemøblar, bossdunkar, bygningsmateriale og så vidare.
  • Sjekk og fest bygningsstillas.
  • Sjekk om båten er fortøydd.
  • Opne slukar/ristar og annan drenering.
  • Beslag og takstein må vere festa.
  • Følg med på bekker og vassdrag nær huset.
  • Ved store nedbørsmengder aukar faren for jord- og steinras.
  • Ver forsiktig!

Har du vaksinetime 12. eller 13. januar på Color Line Stadion?

Huseigar og vaksineansvarleg anbefaler dei med vaksinetime på Color Line Stadion å flytta timen sin til Moa helsehus. Dei med timar desse datoane har fått SMS eller vil bli oppringt. 

Meir informasjon

Informasjon om fylkesvegar og viktig trafikkinformasjon.

Informasjon om søppeldunkar og henting frå ÅRIM.

Viktige nødnummer og vakttelefonar.

Til toppen