Ekstraordinært kommunestyremøte om kommunedelingDet er kalla inn til ekstraordinært kommunestyremøte torsdag 5. januar. Det er berre ei sak som skal opp, at det ikkje er kome ei avklaring om utgiftsdekning til kommunedelingsprosessen. Peder Pttp Dybvik I møtet tirsdag 3. januar vedtok formannskapet at dei ønsker å be Stortinget gjere om på delingsvedtaket, dersom det ikkje kjem tilstrekkeleg finansiering til kommunedelinga. Dette er ein konsekvens av at departementet ikkje har gitt kommunen ei avklaring innan utgangen av 2022, noko kommunestyret sette som ein føresetnad då søknaden med delingsbudsjettet vart sendt inn. Heile historikken og formannskapet sitt vedtak kan du lese her. Ekstraordinært møte No er det kalla inn til møte i kommunestyret, slik at kommunens øvste organ kan ta stilling til saka. Møtet startar klokka 15:00, og vert gjennomført som fjernmøte på Teams. Det er dermed ikkje råd å sjå det fysisk, men det vert strøyming av møtet på kommune-TV, så ein kan følge møtet digitalt. Sakspapira til møtet kan du finne i Innsyn. Les meir om kommunedelinga på eiga samleside. Sist endra 20.03.2023 09.30