Formannskapet
Jon Åge Giske Andersen
I byrjinga av møtet var det underskriving av samarbeidsavtale knytt til beredskap med Røde Kors. Deretter var det ei orientering om framdrifta i prosjektet for vassbehandlingsannlegget i Fremmerholen ved Marthe Therese Strømme. Etter lunsj vart det gitt ei orientering om status for bosetting av flyktninger ved assisterande kommunalsjef for Oppvekst Vivian Oddrun Dyb.
Samarbeid mellom kommunane
I onsdagens møte vart det gjort vedtak om ei rekke samarbeid mellom dei to nye kommunane, Ålesund 2024 og Haram 2024.
På lista var:
- Interkommunal samarbeidsavtale om barnevernsvakt
- Interkommunalt samarbeidsavtale om krisesenter
- Nye interkommunale samarbeidsavtalar - legetenester
- Ny vertskommuneavtale for brann- og redningstjenesten
- Ny vertskommuneavtale Møre og Romsdal 110-sentral Ålesund KF
- Vidareføring av medlemskap i Sunnmøre Friluftsråd Kommunalt oppgåvefellesskap
Det vart også gjort eit vedtak om å organisere reinseanlegg-samarbeidet mellom Ålesund og Sula som eit interkommunalt selskap med navn Kongshaugen IKS.
Sørsida
Det kom to saker opp til behandling som omhandla den nye bydelen Sørsida. Den første var eit forslag frå kommunedirektøren, om å setje i gong ei moglegheitsstudie for å sjå på konsekvensane av å flytte delar av cruisetrafikken til eit anna kaianlegg i sentrum. Formannskapet vedtok å utsette saka i påvente av meir informasjon frå Havnevesenet. Eit mindretal ønskte at saka skulle leggast fram for kommunestyret, og fekk nok stemmer til at dette vert gjort.
Den andre saka om Sørsida er knytt til generalforsamlinga for Sørsida Utvikling AS, som var 6. juni. Under generalforsamlinga kom det opp spørsmål om styrehonorar, som også hadde vore stilt ved forrige generalforsamling.
Generalforsamlinga fekk ikkje stemt over styrehonorar i møtet. Eit fleirtal i formannskapet bad om å få gjennomført ei ekstraordinær generalforsamling 22. juni, og vedtok følgande formulering.
"Ålesund formannskap vedtar at det skal avholdes ekstraordinær generalforsamling i Sørsida Utvikling AS den 22. juni 2023. Saker som skal settes på dagsorden og behandles er: 1: Fastsettelse av styrehonorarer for inneværende år, som reduseres med to tredeler fra dagens nivå fra 1. juli 2023. 2: Valg av styre i selskapet ettersom forutsetningen for valget som skjedde 6. juni 2023 kan være endret."
Vedtaket vert lagt fram for kommunestyret til avgjerd etter mindretalsanke i formannskapet.
Meir informasjon
Du kan sjå opptak frå møtet på KommuneTV. Møtepapira og protokoll er tilgjengeleg i Innsyn.