Koronaviruset

Her finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Vår informasjonstelefon om korona 70 16 40 60 er betjent frå klokka 08.30 - 15.30 alle dagar. 

Gå til temaside om koronaviruset.

Information about corona in other languages.

Vil du bidra eller treng du bistand?

 

Siste nytt

Eksamen avlyst for 10. trinn og elevar på vidaregåande skular

Regjeringa har vedtatt å avlyse alle skriftlege og munnlege i eksamenar på 10. trinn og alle skriftlege eksamenar i vidaregåande skule våren 2020.  Alle elevar får vitnemål sjølv om eksamen blir avlyste.

Kunnskapsdepartementet vil vurdere om det vil vere mogleg å gjennomføre munnleg, muntlig-praktisk og praktisk eksamen. Dette vil bli vedtatt etter påske.

Elevar på 10. trinn

Både skriftleg og munnleg eksamen på 10. trinn er avlyste. Elevar på 10. trinn får fullverdig vitnemål utan eksamen. I vitnemålet vil det stå at eksamen var avlyst. Dette har ikkje konsekvensar for inntaket til vidaregåande opplæring.

Elevar i vidaregåande

Alle skriftlege eksamenar i vidaregåande er avlyste for elevar. Elevane får fullverdig vitnemål sjølv om skriftleg eksamen er avlyst. I vitnemålet vil det stå at eksamen var avlyst. Dette har ikkje konsekvensar for inntak til høgare utdanning. Elevane må bestå alle faga for å få vitnemål.

Regjeringa vurderer om det vil vere mogleg å gjennomføre munnleg, muntlig-praktisk og praktisk eksamen.

Felles for både 10. trinn og vidaregåande

Lærerne må prioritere å sikre vurderingsgrunnlaget fram til sommaren, slik at alle elevar får standpunktkarakterar. For at lærarane skal få eit godt nok grunnlag for å setje karakter, er både deltakinga til elevane og innlevering av oppgåver viktig. Krava til å setje standpunktkarakter før skriftleg eksamen (lokal eksamen) og før fellessensur (sentral eksamen) bortfaller når desse eksamenane er avlyste. Det betyr at skulane her kan setje standpunktkarakterar heilt mot slutten av skuleåret.

Eksamen for privatistar blir vidare greidd ut

Kunnskapsdepartementet ser no på moglege løysingar for at privatistane skal kunne ta eksamen. Vi legg ut informasjon så snart vi veit meir.

Til toppen