Siste nytt

Eitt nytt tilfelle av koronavirus – stenger ned Aktiv trening Blindheim

Kommuneoverlege Olav Mestad.j - Klikk for stort bileteKommuneoverlege Olav Mestad.j Ålesund kommune fekk fredag kveld melding om at ein person er smitta med koronavirus. Vedkomande har trent ved treningssenteret Aktiv trening Blindheim. Det er no til saman tre brukarar av treningssenteret som har testa positivt for korona sidan 4. januar. Kommunoverelegen vel derfor å midlertidig stenge senteret. 

Dei to første smittetilfella var nærkontaktar, medan det ikkje er tilfelle for den sist smitta. Vedkomande har testa seg etter SMS-varsling frå smittesporingsteamet i kommunen. 

-  Treningssenteret vert no midlertidig stengt. Dei som har trent samstundes med den smitta vil bli varsla særskild. Andre som har trent ved Aktiv trening Blindheim i perioden 30. desember til 6. januar vert bedne om å ha lav terskel for å teste seg ved symptom, seier kommuneoverlege Olav Mestad. 


Bestill koronatest digitalt
 

Til toppen