Siste nytt

Eitt nytt koronatilfelle registrert i Ålesund

Ålesund kommune fekk fredag ettermiddag melding om eitt nytt tilfelle av koronasmitte i Ålesund. Klikk for stort bildeKoronaviruset 

Vedkomande er ein utanlandsk gjestearbeidar, og sat i karantene då smitta vart påvist. Vedkomande sit no i isolasjon i eigen heim og vert fulgt opp av fastlege og smittevernteam i Ålesund kommune. 

Det var Medi 3 som melde tilfellet til kommuneoverlegen. Den smitta har ikkje vore kontakt med andre personar sidan han kom til Ålesund.

Vedkomande har ikkje symptom på sjukdom.

Til toppen