Siste nytt

Ein ny smitta i Ålesund

ndag kveld fekk kommunen melding om at ein person til er smitta av koronaviruset i Ålesund kommune.Klikk for stort bileteKoronatesting Ålesund kommune  

Det er no registrert 26 smitta i Ålesund  kommune. Dette er det tredje sjukdomstilfellet registrerte i kommunen i april.  Det har ikkje vore registrert koronasmitte i Ålesund sidan 11. april.  

Personen har vore i nærkontakt til kjend smitta frå annan stad i Noreg, og var i karantene då han vart testa. Tilstanden for den smitta er god. Han er i heimeisolasjon og nærkontaktar er i karantene, seier kommuneoverlege Olav Mestad.

23 av dei smitta i Ålesund er friske og ute av heimeisolasjon.

Auka testing

Frå og med i går auka Ålesund kommune testinga av mogleg koronasmitte. I samband med opning av skular og barnehagar, skal no lærarar, barnehagetilsette og barn i barnehage, skule og SFO testast ved symptom.

I går vart 30 personar testa av Ålesund kommune ved tesatstasjonen på Åse. I tillegg kan nokre få personar ha vorte testa ved legekontora.

I førre veke vart det testa mellom 15 og 23 personar kvar dag. Den siste helga vart berre fire personar testa av Ålesund kommune.

Ikkje grunn til å slappe av

Kommuneoverlege Olav Mestad, seier at ein har svært lite smitte i Ålesund og Møre og Romsdal, men at det ikkje er nokon grunn til slappe av no.

Det skal svært lite aktivitet til for å få auka smitte igjen. Dei neste dagane er det venta at smittetala kan auke igjen. Dette er fordi påska førte til ein god del reiseverksemd. Symptoma på koronasmitte vil først vise seg etter to til tre veker. Det betyr at dei som eventuelt vart smitta i påska, kan få symptomer i dagane som kjem, sier Mestad.

Det har òg vore svært stor utfart i nærområdet i helga på grunn av det fine veret. Kommuneoverlegen seier at ein får svaret om to til tre veker om turaktiviteten i helga og barnehage- og skuleopning har ført til meir smitte.

Til toppen