Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Siste nytt

Ein merkedag i Ålesund si historie

-Vedtaket i kommunestyret torsdag 27. august er historisk. Den nye planen for Campus i Ålesund vil gi ringverknader i regionen i generasjonar framover. Det seier ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal.Klikk for stort bildeOrdførar Eva Vinje Aurdal 

-Her har ein lagt grunnlaget for at Ålesund kan utvikle seg vidare til å vere eit nasjonalt og internasjonalt senter for utdanning og forsking innan helsefag, ingeniørfag, marine og maritime næringar. Samstundes skal bydelen òg møte dei nye krava for ein effektiv urban miljøvennleg bydel, med gode vilkår for både syklande og gåande, seier ein stolt ordførar.

Samarbeid mellom mange partar

Fleire av trafikktiltaka på Campus skal gjennomførast i samband med Bypakke Ålesund. Nokre prosjekt er under planlegging av private aktørar, og NTNU får no areal til å utvikle og styrke sitt tilbod. I delar av planområdet skal det framleis gjerast detaljregulering for enkeltprosjekt.

Campusplanen er utvikla i eit tett samarbeid mellom Ålesund kommune, NTNU ved leiing og studentar, Statsbygg, Statens vegvesen og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Fleire private aktørar har òg vore involvert i prosessen, mellom anna NMK, Studentsamskipnaden og mange store og små private grunneigarar og borettslag. Campusplanen har òg fått viktig støtte frå fylkeskommunen sitt prosjekt «Byen som regional motor».

-Det har tatt si tid, og mykje god kompetanse og mange gode krefter har vore involvert i planprosessen. Med vedtaket har vi no passert ein viktig milepæl, og det er gledeleg at eit så godt som samrøystes kommunestyre slutta seg til planen, seier ordføraren.  

Tre års hard arbeid bak plana

Klikk for stort bilde NTNU  

Overarkitekt i Ålesund kommune Gudmund Hoel har arbeida med planen sidan 2017. Han har 35 år bak seg som kommunal planleggar i Oslo og i Ålesund. Campusplana er ei av dei største sakene han har arbeida med.

-Denne planen er stor og viktig fordi den avklarar korleis eit av dei fire store kollektivknutepunkta i Ålesund skal utviklast. Campus er et regionalt senter for utdanning, forsking og innovasjon som allereie har vakt internasjonal oppsikt for sitt gode samspel mellom partane, spesielt innan maritim sektor. No er det satt av areal for ekspansjon av Campus både mot aust og sør, seier Gudmund Hoel.

Området rundt Campus og Nørvasundet har alltid vore ein flaskehals i Ålesund. Kvart døgn skal 25 tusen bilar gjennom på E136, medan drøye sju tusen køyrer Borgundvegen på veg frå eller til sentrum av Ålesund.

-Campus er også eit komplisert møte mellom europaveg 136 og eit utdatert lokalvegnett som har behov for ein miljørevisjon der omsynet til gåande, syklande og kollektivbrukarane er betre ivaretatt. Det er og ein viktig del av planen å betre skjermingstiltaka langs E136, seier Hoel.

Melding om vedtak - områdeplan for Campus Ålesund

Ei styrking av heile regionen

-Kva tenker du dette vil gjere med byen og regionen vår? 

 -Eit sterkare og meir miljøvennlig campus i Ålesund har mykje å seie for busetnad og utvikling på heile Sunnmøre. Sjølv om Campus no blir meir fleirfunksjonelt med innslag av hotell og studentbustader, er det uansett ekstremt viktig at det ligger nært og i eit tett samspel med bysentrum. Det gir Campus urbane kvaliteter få kan måle seg med, og dette må både  utviklast og styrkast, seier Hoel.

Klikk for stort bildeOverarkitekt Gudmund Hoel i Ålesund kommune.  Det er no det verkelege arbeidet med Campus startar, og ein kan vente store endringar i bydelen i åra framover. Dette er noko ordføraren ser fram til å følgje.

-Det blir spanande å følge med på realiseringa framover. Eg trur dette vil fungere svært godt både for alle involverte partnarar på Campus og for nærmiljøet omkring.

Å ha eit moderne og attraktivt Campus i Ålesund er viktig for Ålesund - og for heile regionen vår, seier Aurdal.

Tiltaka for Campus

Det regulerte området strekker seg over nesten to kilometer vest – aust og i ei bredde på ca. 300 hundre meter i snitt. Campusplanen legg premissa for korleis området kan nyttast i framtida. Planen strekker seg frå krysset ved Kolvikbakken til nedkøyringa til Sunnmøre Museum og til Gåseidvika.

Området er i dag delt av E 136 og Borgundvegen.  Men endringar i trafikksystemet skal sikre både god tilgang ut og inn av sentrum av Ålesund for bilistane, men òg legge til rette for eit trafikksikkert og miljøvennleg alternativ langs Borgundvegen. 

  • Ved å endre utforming av Borgundvegen til ei urban gate med tosidige fortau og hovudsykkelveg og utvikle eit tydeleg kollektivknutepunkt kring eit sentralt torg, vert Borgundvegen ei mindre barriere, sjølv om trafikken fortsatt vert stor. 
  • Det skal etablerast skjerma plassar, ein samanbindande strøkspark med gatetun og ei nedtrapping av byggehøgdene mot tilstøytande bustadmiljø.
  • Nokre bustadområder, som dels er støyutsett i dag, er omregulert til forsking og undervisning. 
  • Tre trafikkfarlige kryss skal erstattast med ei rundkøyring og vegane flyttast inn mot denne.
  • Det er lagt til rette for at det skal byggast høghus, studentbustader og nye undervisnings- og forskingsbygg. 
  • Det skal etablerast eigen kollektivterminal på Campus. Ein av fire knutepunkt på aksen Moa – sentrum. 
  • Men ikkje minst blir det ei omfattande satsing på sykkel. Det skal byggast sykkebru over den nye rundkøyringa og nye sykkelvegar frå Campus både langs Borgundvegen og langs sjøen i retning bysentrum.  
  • Planen gir også private grunneigarar som har fått endra arealbruk eller er råka av støy større kunnskap om framtidig arealbruk, utnytting, skjermingstiltak og når og på kva vilkår dei kan søke om innløysing.  
  • Føremålet med plana er å sikre grunnlaget for den framtidige utviklinga på og ved Campus. Campus skal være et kraftsenter for kompetanse, nyskaping og bærekraftig utvikling, ikkje berre i regionen men nasjonalt. 
Til toppen