Innsyn er oppe igjen

Postlister, møteplan og Innsyn er nå tilgjengeleg igjen. Dei tekniske feila er retta. 

Siste nytt

Eig du eit spanande kulturminne?

Klikk for stort bildeOna Peder Otto Dybvik Sit du på ein gammal bygning, båt, eller eit industrielt kulturminne? Møre og Romsdal fylkeskommune lyser no ut sju tilskot til restaurering og istandsetting av verneverdige kulturminne for over 10 millionar kroner. Fristen for å søke er 1. november. 

– Vi håper på mange og gode søknadar innan 1. november slik at eit bredt spekter av verdifulle kulturminna i fylket blir sikra, seier kulturdirektør Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Dersom du eig eit kulturminne, kan du søke støtte til:

  • kulturminne av regional og stor lokal verneverdi
  • brannsikring av tette trehusområde
  • freda bygningar og anlegg i verdsarvområdet i Geirangerfjord-Herdalen
  • restaurering og istandsetting av verna og freda fartøy
  • freda kulturminne i privat eige
  • istandsetting av freda bygningar frå mellomalderen (eldre enn år 1537) i privat eige
  • tekniske og industrielle kulturminne

Fleire fylkeskommunale tilskot

Som følge av regionreforma blir ein større del av den statlege støtta til kulturminne fordelt frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Tidlegare vart fleire av desse fordelt av Riksantikvaren.

– Det er ein stor fordel at tilskota blir koordinert og vurdert av fylkeskommunen, da vi har best oversikt over kulturminna i fylket. I tillegg får vi høve til å sjå ulike tilskotspostar i samanheng, seier Wedlog Olsen.

Du kan finne meir informasjon og søke tilskot her.

Til toppen