Ei tilskotsordning med stor effekt

Ålesund er med i ei tilskotsordning for klima- og miljøvenleg byutvikling og framkome saman med andre regionbyar. Tilskotsordninga har hatt særs god effekt i Ålesund. - Vi kan ikkje få understreka nok kor viktig denne ordninga er for oss, seier Anne Berit Støyva Emblem (AP).

Regionbynettverket tar bilete med samferdselsminister Nygård - Klikk for stort bileteBypakke Ålesund fikk den gode beskjeden av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård saman med regionbynettverket i Oslo. Frå venstre: Håkon Møller (leiar plan- og miljøutvalet i Bodø), Anne Rygh Pedersen (Ordførar i Tønsberg), samferdselsminister Jon-Ivar Nygård, Arne Christian Mohn (ordførar i Haugesund), Anne-Berit Støyva Emblem (deltok for ordførar i Ålesund), Kåre Pettersen (politikar Vestfold og Telemark) og Tore Johan Øvstebø (leiar i Bypakke Ålesund og leiar for nettverket). Privat

Regjeringa har framskunda rulleringa av Nasjonal transportplan (NTP) og gitt klar beskjed om at det skal omprioriterast og kuttast. Frå 2022 kom Ålesund saman med fire andre byregionar med i ein tilskotsordning som med åra kan gje 100 millionar til transport- og byutvikling til Ålesund. No kjemper byregionane for at ordninga ikkje skal rammast av sparekniven.   

Møte med samferdselsministeren     

Fredag møtte styringsgruppa for Nettverk for berekraftige regionbyar samferdselsminister Jon-Ivar Nygård. Der hadde nettverket klare forventningar til statsråden. Regionbyane ønsker eit meir forpliktande samarbeid med staten, og meiner det er heilt avgjerande at regionbyene får ein aktiv rolle i det grøne skiftet dersom Norge som nasjon skal nå sine klimamål. Frå Ålesund deltok Tore Johan Øvstebø (KrF) og Anne Berit Støyva Emblem (Ap) i møtet med ministeren.   

Regionbyane er motorar i sine omland og vi treng sterke og attraktive regionbyar for å behalde og rekruttere kompetanse til næringsliv og offentleg verksemd. Derfor må vi ha eit forpliktande samarbeid mellom stat, fylke og kommune slik den nye ordninga legg opp til, seier Tore Johan Øvstebø (KrF) som leiar den politiske styringsgruppa i nettverket.   

15 millionar til Bypakke Ålesund

Samferdselsminister Nygård ga også nettverket beskjed om at fordelinga av tilskot til mindre byområde skulle fordelast mellom Bodø og Ålesund. I 2023 er det lagt til grunn 30 millionar kroner til mindre byområde utanfor ordninga med byvekstavtaler. Bypakke Ålesund har difor fått 15 millionar kroner frå ordninga med tilskot til mindre byområde. Det tek høgde for totalt 600 mill. kroner over fire år tidleg i planperioden. Tilskotet avgrensast geografisk til byområda Bodø, Ålesund, Haugesund, Arendal / Grimstad og Vestfoldbyen (Tønsberg, Sandefjord og Larvik). Dette er relativt store regionbyar med innbyggartal som ligg tett opp mot dei minste byområda som er aktuelle for byvekstavtaler.   

Kriteria for tildeling inneber blant anna at tildeling først vil kunne skje etter at Stortinget har behandla ein bypakke. Dei lokale partane må også forplikte seg til å følgje opp nullvekstmålet for persontransport med bil. Hensikta med ordninga er nemleg for å leggje til rette for ein meir klima- og miljøvenleg byutvikling og god framkome.   

Vi kan ikkje få understreka nok kor viktig denne ordninga er for oss, seier Anne Berit Støyva Emblem (AP) som deltok i møtet med Nygård på vegne av ordførar Eva Vinje Aurdal.   

Tilskotsordninga har hatt ein særs god effekt i Ålesund

Ålesund har også fått tilskot frå ordninga i 2022. Fjorårets midlar finansierte dei nye busstoppa ved Moa kjøpesenter, som blei tatt i bruk i februar. Busstoppa har som mål å effektivisere bussane som køyrer til og frå byen og dei som skal til dei indre bydelane i kommunen. Dette er eit av mange prosjekt i Bypakke Ålesund som skal bidra til at fleire vel å bruke kollektivtransport.   

Gateterminalen på Moa viser at tilskotsordninga går til gryteklare, gode prosjekt som bygger opp under bypakken - og som dermed gir stor effekt for små midlar. Når folk skal vurdere buss i staden for bil er kvart minutt reisetid avgjerande. Jo raskare buss – jo fleire set att bilen, seier Tore Johan Øvstebø.   

Tilskotet i 2023 vil vere med på å finansiere meir sykkelveg på Hessa i Ålesund. Prosjektet skal auke tryggleiken til dei som går og syklar og er ein del av ein framtidig samanhengande sykkelveg mellom Hessa og sentrum.   

Tilskotsordning for eit felles mål 

Regjeringa og regionbyane har felles mål; om betre klima og miljø, om berekraft, om betre folkehelse, og om attraktive regionbyar som har ein viktig rolle som regionale motorar. Nettverket for berekraftige regionbyar seier at det er viktig at denne ordninga ikkje kuttast når NTP nå skal slankast. Dette var dei også tydelege på da dei møtte ministeren.   

Den nye tilskotsordninga har gitt regionbyane tillit til at midlane kjem så sant vi oppfyller kriteria  – noko som gjer at vi kan planlegge og utvikle stadig fleire gode prosjekt for å motivere fleire til å velje kollektiv til og frå jobb, seier Øvstebø.   

Bypakke Ålesund er eit av dei største samferdselsprosjekta i kommunen nokon gong. Fire milliardar skal brukast for å betre vegane, bygge sykkelvegar, sikre dei mjuke trafikkantane og leggje til rette for auka kollektivtransport. Bypakke Ålesund ønsker å leggje til rette for meir klima- og miljøvenleg byutvikling og god framkome i Ålesund. Tilskotsordninga gjer det mogleg å finansiere viktige prosjekt i Ålesund, jobbe for positiv byutvikling og skape gode løysingar for innbyggjarane våre.