Dronning Sonjas plass er no til sals

Dronning Sonjas plass er no til sals

Eigedommen har ei unik plassering midt i Ålesund sentrum, ved Brosundet og med eit spennande utviklingspotensial.Brosundet-mot-Kremmergaarden-og-fra-Hellebroa - Klikk for stort bilete

I dag er eigedommen ein kombinasjon av ein bygning på éin etasje (sokkeletasje) og ein offentleg plass på taket. Områdeplanen gir likevel moglegheit til å bygge til saman 3500 kvm over bakken og eit parkeringsanlegg på 1500 kvm under bakken.

Frå Ålesund kommune si side er dette ikkje berre eit sal av ein eigedom, men vel så mykje ein utvelgelse av eit konsept for utvikling av eigedommen, og dermed også denne delen av Ålesund sentrum, står det i salsannonsa.

Interessentar må inngi tilbod både basert på pris og konsept for utvikling av eigedommen og delar av det omkringliggande området. Frist for å inngi bod på eigedommen er måndag 26.09.2022 kl. 10.

Nærare salsvilkår kjem fram av salsoppgåva. Sjå salsannonsa på finn.no.

Til toppen