Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Siste nytt

Dette vert Ålesund flottaste leikeplass! 

-Dette kjem til å bli ein fantastisk flott leike- og samlingsplass midt i bysentrum. Det seier Linda Fiskerstrand Sperre som er landskapsingeniør i veg, grønt og anlegg i Ålesund kommune. No har kommunen peika ut leverandør til utstyr til den snart nyopprusta leikeplassen ved byparken.Klikk for stort bildeLinda Fiskerstrand Sperre, (t.v.) er landskapsingeniør hos veg, grønt og anlegg. Jonette Valaas Skare er rådgivar konserninnkjøp.  

Ålesund kommune fekk i sju kvalifiserte tilbod på leikeapparat og fallunderlag til den nye leikeplassen ved byparken.

Til slutt falt valet på løysinga frå KOMPAN as. Prisen på apparata er om lag 1.67 millionar kroner.    

Dette er grunngjevinga for valet av KOMPAN as:

«Løsningen gir et veldig harmonisk og godt helhetsinntrykk, med farger og tema som er lekent, gjennomført og fint. Den har svært mange ulike apparat og funksjoner som gir varierte muligheter for lek og aktivitet for barn i ulike aldre og med ulike funksjonsnivå - noe for alle. Hovedfokus på de små barna er veldig godt ivaretatt, samtidig som der er gode utfordringer for de store. Apparater er fint plassert og fordelt, plassen er godt fylt ut, og det flyter veldig godt. Det er tydelig inndelt i soner, samtidig som det er relativt mye fallunderlag, som gir en følelse av sammenheng og i tillegg en tydelig sti. Denne løsningen vurderes som forholdsmessig best.»

Klikk for stort bildeSlik blir den nye leikeplassen ved byparken sjåandes ut.   Mest mogleg for pengane

For oss har det vore avgjerande å få mest mogleg ut av dei pengane vi hadde til disposisjon. Løysinga frå KOMPAN var den beste, og vi får no ein veldig fin variasjon i leikeapparat både for dei yngre borna, men også for litt eldre born, seier Jonette Valaas Skare ved kommunen si innkjøpsavdeling. 

Det var to tilbod som skilte seg ut. Vi så mellom anna på mengda apparat og korleis desse var plassert i området som er til disposisjon.  Sjølve leikeplassen er på 778 kvadratmeter, og apparata er no plassert slik at ein får ei «gate» gjennom leikeplassen, seier Skare.   

Det er strenge reglar for utforming av leikeplassar. Kvart apparat har si aktivitetssone, og desse sonene kan ikkje overlappe kvarandre. Det er også krav til underlag.

 No håpar vi at leikeplassen kan bli eit samlingspunkt i bysentrum Området har store moglegheiter for både leik og rekreasjon med byparken, seier Linda og Jonette.

Aktivitet både sommar og vinter

 Dette er ein leikeplass som står seg like godt vintertid som sommartid.  Dekke som er vald, gjer at det ikkje blir skittent  og gjørmete. Både falldekke og underlag er sjølvdrenerande. Leikeplassen blir òg lagt til rette slik at rullestolbrukarar kan bruke fleire av apparata.

Vi har hatt fokus på god tilgjenge frå bakkenivå slik at ein kan kome til med rullestol. Både trampolina og fleire andre apparat er rullestolvennlig, seier Linda.  

Klikk for stort bildeLinda og Jonette foran det som til hausten blir cirka 800 kvadratmeter topp moderne leikeplass.Det er Anleggsgartnar Ingvar Jonassen AS i Molde som skal montere leikeapparata og fallunderlaget. Det skal skje i veke 35 og 36. (24. august- 6. september). Så skal det gjerast eit etterarbeid for å klargjere leikeplassen. 

Det er nok vèravhengig når vi blir  ferdig. Kommunen skal sjølv støype ein del fundament, men vi reknar med å opne i oktober. Men eksakt dato har vi ikkje satt enno, seier Linda. 

Leikeparken er eit samarbeidsprosjekt mellom fleire aktørar.  Fylkeskommunen gjennom prosjektet «Byen som regional motor» og utbyggarane av bustadprosjektet «Bo i By» er med å finansiere prosjektet saman med kommunen.

Dette blir ein sentral leikeplass i Ålesund, med høg status både i materialval og utforming. Plassen er verkeleg eit godt leiketilbod som det ikkje finst så mange av i kommunen, seier dei to.

Mykje arbeid står att

Leikeplassen i byparken blir flaggskipet blant dei kommunale leikeplassane. Men det betyr ikkje at dei andre er gløymt.

Vi har fleire apparat som tidlegare var plassert i byparken, som no etter kvart kan kome til nytte og spreie glede andre stader. Mellom anna dissestativ og karusell.  Førebels er det ikkje avgjort kvar vi skal plassere desse apparata. 

Førebels blir det ikkje etablert nye, eller rehabilitert så mange  kommunale leikeplassar i Ålesund. Men både Linda og Jonette håpar at politikarane kan prioritere dette i framtida.

Det er eit etterslep på vedlikehald på leikeplassane. Det er viktig å no få ei god oversikt over alle leikeplassane i den nye store kommunen, og kartlegge behovet for vedlikehald. I første runde no, er det viktig å få ressursar til å ta betre vare på dei leikeplassane vi allereie har, seier dei to.
 

Til toppen