Frå 01.01.24 vert noverande Ålesund kommune avvikla, og erstatta av to nye kommunar. Sjølv om det framleis er ni månadar igjen før dei nye kommunane vert oppretta på papiret, er det nødvendig å allereie no få på plass nokre nøkkelpersonar. I februar vart det lyst ut tre leiarstillingar, og ytterlegare ei var utlyst internt i kommunen.
Vi har tidlegare publisert søkarlistene knytt til desse stillingane. Først for Kommunalsjef livsløp og Stabssjef, og litt seinare kom listene for Kommunalsjef for eigedom og tekniske tenester og Økonomisjef.
No er det gjort tilsettingar i desse stillingane, og vi har derfor gleden av å presentere dei nye leiarane som snart skal ta fatt på dei store oppgåvene i Haram 2024.
Prosjektleiar, og påtroppande kommunedirektør, Anders Hammer er den som har hatt ansvar for tilsettingsprosessen.
"Eg er veldig nøgd med få på plass så rutinerte leiarar, med ein god miks av erfaring frå gamle Haram og dagens Ålesund, med nye namn som vil vere med og sette sitt preg på utviklinga av Haram 2024. Eg går snart i gang med å lyse ut stillingane som kommunalsjef Skule og barnehage, og Helse og omsorg. Dato for oppstart er ikkje avtalt enda men eg håper at leiarteamet er samla i Brattvåg til sommaren."
Levi Lervik er tilsett som økonomisjef. Har er 42 år og utdanna siviløkonom. Før kommunesamanslåinga hadde Lervik 10 år bak seg som Økonomisjef i gamle Haram. No har han vore Finansansvarleg i dagens Ålesund kommune i snart 4 år.
"Det er ei sjeldan og spennande utfordring å få vere med på å bygge og utvikle nye Haram. Ei effektiv og dynamisk kommune for innbyggerane og framtida."
Levi Lervik er tilsett som Økonomisjef
Petter Sortevik er tilsett som stabssjef. Sortevik arbeider no som seniorrådgjevar i HR-avdelinga i Ålesund. Han har tidlegare vore konstituert avdelingsleiar i same avdeling, og prosjektleiar for kommunedeling Haram. I tidlegare Haram var han ansvarleg for seksjon for personal- og organisasjonsutvikling.
"Eg ser fram til å være med å bygge ein framoverlent kommune i lag med gamle og nye kollegaer"
Petter Sortevik er tilsett som Stabssjef
Jon Åge Giske Andersen
Frode Bøe Hatlelid er tilsett som kommunalsjef Livsløp. Hatlelid har vore NAV-leiar, og no konstituert kommunalsjef helse- og omsorg i Giske kommune. Han er utdanna innan planlegging- og administrasjon med fordjupning i offentlig rett, og har tatt vidareutdanning i leiing i helse- og sosialtenestene.
"Eg er takksam for å ha fått tillit som kommunalsjef livsløp i Haram kommune, og gleder meg til å starte arbeidet med å bygge eit godt lag saman med dyktige medarbeidarar."
Frode Bøe Hatlelid er tilsett som kommunalsjef Livsløp
Kristin Fjeld-Eiken er tilsett som kommunalsjef Eigedom og tekniske tenester. Fjeld-Eiken busatte seg nylig på Hildre, og kjem frå stilling som seniorrådgiver i Arbeidstilsynet i Ålesund. Ho har lang erfaring, både som forretningsadvokat spesialisert på eigedom og som leiar i statlege og kommunale verksemder; mellom anna som byggesakssjef i Stavanger kommune.
Kristin Fjeld-Eiken er tilsett som kommunalsjef for eigedom og tekniske tenester