Det blir Helseplattformen i Ålesund kommune  

Det blir Helseplattformen i Ålesund kommune  

Ålesund kommune fortset arbeidet med Helseplattformen, sjølv om det blir utsetting for Helse Møre og Romsdal. Kommunen skal etter planen gå direkte 29.04.2023.  No er det opplæring som står på agendaen. 

Logo Helseplattformen - Klikk for stort bileteLogo Helseplattformen


-    Innføringa av Helseplattforma har gått bra i dei sju kommunane som har tatt det i bruk til no. Helseplattformen er eit stort utviklingsprosjekt i kommuneorganisasjonen, i tillegg til å vere ei ny løysing for pasientjournal. Kommunen fortset arbeidet i planlagt fart og ser fram til å være på lufta 29. april.  seier prosjektleiar for Helseplattforma i Ålesund kommune, Ann Kristin Røyset. 

Denne veka starta opplæringa av sju lokale instruktørar. Opplæring av dei tilsette som skal bruke løysinga startar 30.01.23. Det er fleire kommunar i Midt-Norge som tek i bruk Helseplattformen i løpet av våren. 

Viktig for deg som innbyggar

  • Helseplattformen vil bli eit felles journalsystem for alle helsetenestene du nyttar deg av, og vil følgje deg heile livet.  
  • Allereie no kan du som innbyggarar gjere seg kjent med «HelsaMi».  
  • Denne innbyggarportalen for Helseplattformen er tilgjengeleg både som nettside og som app. 
  • Etter innføringa vil innbyggarar i Ålesund kommune gjennom «HelsaMi» ha tilgang til eigne helseopplysningar frå kommune og sjukehus. 
  • Du kan lese meir om Helseplattformen på nettsida deira. 
     
Til toppen