Desse vil bli kommunalsjefar i Haram

Haram 2024 skal no tilsette kommunalsjefar til Helse og omsorg, og Skule og barnehage. Sjå kven som har søkt.

I alt 19 personar har søkt på dei to kommunalsjefstillingane. Påtroppande kommunedirektør Anders Norvald Hammer startar no prosessen med intervju og reknar med å gjere tilsettingsvedtak første veka i mai på begge stillingane.

Kommunalsjef Skule og barnehage   

Kommunalområde Skule og barnehage har ansvar for kommunen sine oppgåver som skule- og barnehageeigar og som skule- og barnehagemynde (jf. lov om barnehage og opplæringslova). Gode tverrfaglege rutinar og samarbeidsformer mellom skule og barnehage og mot kommunalområdet Livsløp står sentralt i arbeidet for å skape gode oppvekstvilkår for barn og unge i kommunen.   

Desse ni har søkt:    

Kommunalsjef Skule og barnehage - søkarliste
Namn Stilling Bustad
Ola Einar Flem (43) Verksemdsleiar/rektor Ålesund
Endre Hellandsvik (49) Verksemdsleiar/rektor, Brattvåg ungdomsskule Ålesund
Elisabeth Nerli (46) Kommunalsjef oppvekst og kultur Ålesund
Anne-Marthe Valaas Olsvik (38) Dagleg leiar Ålesund
Lill-Therese Hammerbekk Eidsvik (39) Verksemdsleiar Ålesund
Trond P. Gisnås (54) .. Ålesund
Unni Nerås Krogsæter (54) Verksemdsleiar/rektor - Brattvåg barneskule Ålesund
Olav Fure (59) Bussjåfør (og tillitsvald) Ålesund
Birger Johan Bjørdal (53) Assisterande rektor Ålesund

Kommunalsjef Helse og omsorg   

Kommunalområde omfattar helse og omsorgstenester i institusjon, buteneste, omsorgsbustadar, heimebaserte tenester og dagtilbod. Kommunalområdet har og ansvar for avlastning og BPA (kommunal regi).   

Det er 10 søkarar til stillinga som kommunalsjef for helse og omsorg. To av desse har trekt søknaden og ein er    unnateke offentlighet. Dette er søkarlista: 

Kommunalsjef Helse og omsorg - søkarliste
Namn Stilling Bustad
Senait Hailu Tessema (51) Praksis som assistent Sandnes
Ørjan Lillestøl (45) Avdelingsleder Heimetenester Hessa og Aspøy - Og Ålesund Fengsel Ålesund
Jeanette Nerland (34) Sykepleier Ålesund
Sven Inge Molnes (44) Dosent Giske
Ingrid Beate Mathisen Verksemdsleiar Haram Omsorgsdistrikt Ålesund
Kari Ann Slyngstad Jensen (51) Avdelingsleiar Ålesund
Elin-Katrin Vegsund Verksemdsleiar Ålesund
Kandidaten har trekt seg
Kandidaten har trekt seg
Ingen offentleg innsynsrett

Dette er leiargruppa hittil     

Fire leiarar i er allerede tilsett i Haram 2024:   

  • Kommunalsjef livsløp: Frode Bøe Hatlelid   
  • Kommunalsjef for eigedom og tekniske tenester: Kristin Fjeld-Eiken   
  • Stabssjef: Petter Sortevik   
  • Økonomisjef: Levi Lervik