Viktig informasjon om korona

Siste nytt

Desse vann fotokonkurransen vår

Vi ønskte hjelp frå innbyggarane til å formidle og illustrere framtidsplanane med ein fotokonkurranse! Fram mot 2. juli fekk vi inn mange flotte foto, både her på nettsida og på Instagram. Her kan du sjå vinnarane.Utsikt fra kajakk til øysamfunn - Klikk for stort bilete Anita Myklebust Ulla.jpeg  

Det vart sendt inn bilder direkte til kommunen frå 16 personar, og det kom over 149 bidrag på Instagram. #komanfoto innan fristen 2. juli. Desse er dei tre premierte bilda plukka ut av juryen.

Dei får to konsertbillettar kvar på Parken kulturhus

Vinnarne her var;

  • Anita Myklebust Ulla
  • Rachel Mills
  • Monika Vestre

Mellom alle som sendte inn bilder vart det trekt ut to vinnarar

  • Eit gåvekort på Altlanterhavsparken vart vunne av Randi Iren Skaar
  • Eit gåvekort på middag for to på Finnøy Havstuer vart vunne av Jan Heggem

Kvifor fotokonkurranse?

Formålet med konkurransen var å få inn gode bilder til å illustrere Ålesund kommune sine framtidsplaner i form av fire vedtekne strategiar som ein del av kommuneplanen sin samfunnsdel. Etter ferien vil det bli arbeidd med å velje ut bilde som kan illustrere strategiane.

Det er dermed langt fleire av dei innsendte bilda som kan bli framheva etter kvart. Mange har alt gitt kommunen løyve til å bruke bilda, og dei som ikkje har gjort det vil bli kontakta før kommunen tek bilda i bruk.

Til toppen