Koronaviruset

Har du spørsmål om korona? Ring informasjonstelefonen 90 27 15 79 (open måndag til fredag kl. 09.00 - 15.00).  Dette nummeret kan ikkje brukast for bestilling av test eller vaksine. På vår samleside finn du alt om testing, vaksinering og smittetal i kommunen.

Siste nytt

Desse personane kan få ein tredje dose

Folkehelseinstituttet (FHI) har kome med ny informasjon om ei tredje koronavaksinedose for personar med alvorleg nedsett immunforsvar. Desse er delt inn i to grupper og dei fleste av desse kan no få vaksine.Illustrasjon av koronaviruset - Klikk for stort bileteIllustrasjon av koronaviruset  

Gruppe 1

  • Organtransplanterte, beinmargstransplanterte siste 2 år eller pågåande graft versus host-sjukdom som krev immunsuppresjon
  • Alvorleg og moderat primær immunsvikt
  • Aktiv dialysebehandling og pasientar med kronisk nyresvikt stadium 5
  • Avansert eller ubehandla HIV-sjukdom

Gruppe 2

Pasientar med pågåande betydeleg immundempande behandling av annan årsak, med eit av medikamenta på denne lista:  Sjå medikamentlista her.

Bestille time til tredje dose

Time kan bestilles digitalt eller over mail. Sjå meir informasjon på vår samleside om koronavaksinering i Ålesund.

Kreftpasientar som må vente på brev

Kreftpasientar med aktiv, eller nyleg gjennomgått imundempande behandling, må vente på brev frå Spesialisthelsetenesta då det skal gjerast ei individuell vurdering for å sikre best mogeleg effekt av vaksinen.

Til toppen