Desse kan få kommunens heidersprisI årets siste kommunestyremøte er det tradisjon for prisutdeling. Her kan du få lese om dei 11 som er nominerte! Shutterstock Heidersprisen skal tildelast som heider for betydningsfull, samfunnsnyttig innsats for innbyggarar i Ålesund kommune. Prisen er ei påskjønning for utført arbeid, og som kan vere ei oppmuntring til å halde fram det gode arbeidet. Heidersprisen kan tildelast enkeltpersonar, grupper av personar, lag eller organisasjonar. Den kan ikkje tildelast offentlege institusjonar eller landsomfattande organisasjonar som hovudsakleg finansierer arbeidet sitt med offentlege midlar. For å kunne få tildelt prisen må vedkommande vere busett i Ålesund kommune eller ha særleg tilknytning til kommunen. Tidlegare år har det vore fleire andre prisar i tillegg til heidersprisen. I år har ein vald å berre gje ut ein pris, på grunn av alt arbeidet knytt til to kommuneval og kommunedelinga. Desse er nominert No har dei 11 kommunedelsutvala komt med sine nominasjonar, og det er då opp til formannskapet, som vel ut ein vinnar og tildeler prisen. Du kan lese heile grunngjevingane frå kommunedelsutvala her. Under er dei gjengitt i kortform. Hessa, Skarbøvik og Aspøy Kommunedelsutvalg nominerer Einar Bryn til Ålesund Kommunes hederspris for 2023. "Einar nomineres for hans lange og omfattende engasjement rund Skarbøvik Idrettsforening, senere SIF/Hessa Idrettslag." Ørskog kommunedelsutvalg nominerer Mariell Gausnes Aasen og Thea Elise Vestre Aasen og Cheerleadergruppa Ørskog Angels som kandidat til Ålesund kommune sin Heiderspris for 2023. "Mariell Gausnes Aasen og Thea Elise Vestre Aasen, som da var 17 år gamle, var initiativtakarar og grunnleggarar av Cheerleadergruppa Ørskog Angels. Vatne og Tennfjord kommunedelsutval nominerer Hans Peter Neergård og Inger Helene Systad Neergård som sin kandidat til Ålesund kommune sin heiderspris. "Hans Peter og Inger har gjennom mange år bidrege til kulturlivet i Vatne- og Tennfjord- området." Spjelkavik, Åse og Lerstad kommunedelsutval vil nominere Johan Grytten som kandidat til Ålesund kommune sin heiderspris 2023. "Johan Grytten er 88 år og har sammen med sin nylig avdøde kone Inger Karin en lang merittliste der de har stilt opp for sine medmennesker, vært kulturformidlere og drevet utstrakt hjelpearbeid." Skodje kommunedelsutval nominerer Knut Perry Græsdal som sin kandidat til Ålesund kommune sin heiderspris. "Knut Perry er eit utprega ja-menneske. Han er engasjert i eit breidt spekter av det som skjer på Skodje og alt er på ulønna og frivillig basis." Kommunedelsutvalet Sandøy og Fjørtoft nominerer SANDØY VEL til Heidersprisen for 2023 "Med stort og entusiastisk pågangsmot har Styret og medlemmane ilag (og på lag) med dei fastbuande og øvrige fritidsbuarar, brukt sine evner, krefter og innsats på nytenking og praktiske gjeremål lokalt, som vises tydeleg igjen i nærmiljøet" Nørvøy, Nørvasund og Hatlane komunedelsutval nominerer Kjell Skorgevik til Heidersprisen 2023. "Kjell Skorgevik har vært en særs viktig formidler av Ålesunds historie gjennom mange tiår. Han er og har vært en ivrig og positiv talsmann for Ålesund i hele sitt voksne liv." Nordøyane kommundedelsutval nominerer Anne Breiby og Norvald Kjerstad til Ålesund kommune sin heiderspris for 2023. "Begge har ei rekkje verv bak seg nasjonalt og lokalt. No bur Anne og Norvald på Lepsøya og har eit stort engasjement for lokalsamfunnet." Indre Borgund komunedelsutval nominerer Arild Berstad til Heidersprisen 2023. "Arild Berstad nomineres for sin innsats for ungdommer i og utenfor bydelen i snart 50 år gjennom ungdomskoret Respons. Han nomineres også for sitt arbeid for døve, blant annet som tolk på Color Line Stadion i nesten 20 år." Ellingsøy kommunedelsutval nominerer Nina Merethe Thomassen til Ålesund kommunes hederspris 2023. "Nina har vært en fantastisk støttespiller for Ellingsøy Idrettslag gjennom 40 år. Hun har sørget for at klubbhuset alltid er vasket og ryddet gjennom alle disse årene. I tillegg styrer hun kiosken når det er fotballkamp på Nes stadion, noe hun har gjort nesten hver eneste A-lagskamp i mange år." Brattvåg, Hildre og Søvik kommunedelsutval har nominert Petra Mathilde Gamlem som sin kandidat til Ålesund kommune sin heiderspris. "I sum har Petra sin eineståande innsats i høgste grad skapt auka trivsel og aktivitet for store og små, både i og utanfor lokalsamfunnet sitt. Ikkje minst har arbeidet hennar vore eit viktig bidrag i eit folkehelseperspektiv." Meir informasjon Vi har skrive meir om Ålesund kommune sine heiderstekn og andre prisar på ei eiga side. Sist endra 10.07.2023 15.20