Koronaviruset

Har du spørsmål om korona? Ring informasjonstelefonen 90 27 15 79 (open måndag til fredag kl. 09.00 - 15.00).  Dette nummeret kan ikkje brukast for bestilling av test eller vaksine. På vår samleside finn du alt om testing, vaksinering og smittetal i kommunen.

Siste nytt

Desse er klar for TV-aksjonen

Årets tema er barneekteskap og din støtte går til organisasjonen Plan 24. oktober. Kommunekomiteen er klar for innsats, og har spennande planar for å skape merksemd rundt det viktige og alvorlege teamet. Smilende kvinner og menn i kommunekomiteen i Ålesund for årets TV-aksjon - Klikk for stort bilete 

Leiar i år er Anne Berit Støyva Emblem, leiar av komite for oppvekst i kommunen. Vidare har vi med kultursjef Oskar Skulstad, Endre Volden som er avdelingsleiar for kunstfag ved Ålesund-Fagerlia VGS, Nora Gunn Morken Farstad som er kommunestyremedlem, Siv Katrin Ulla og Ingrid Bjørlo Landgren frå Ålesund frivilligsentral og Frank Victor Valderhaugstrand frå B2B Arena.

Om temaet for TV-aksjonen 2021

"Kvart tredje sekund blir ei jente gifta bort ein stad i verda. Gjennom årets TV-aksjon skal vi saman gi jenter moglegheita til å velje si eiga framtid, og vie seg til livet."

Med årets TV-aksjon skal vi nå ut til tre millionar menneske for å få slutt på barneekteskap i dei landa der problemet er størst: Bangladesh, Nepal, Malawi, Mali og Niger. 

Konsekvensane av barneekteskap er store – ikkje berre for jentene som blir gifta bort, men for barna deira og samfunnet dei lever i. Jentene blir hindra i å nå draumane og målet sine, og frårøvast moglegheita til å skape ei god framtid.  

Barneekteskap bremsar utvikling og held oppe fattigdom. Der jenter blir gifta bort som barn og mistar moglegheita til å gå på skule, aukar risikoen for at dei blir utsette for vald og overgrep. Dei mistar retten til å bestemme over eige liv og kropp. Derfor skal årets TV-aksjon jobbe for å få slutt på barneekteskap.     

Får jenter moglegheita til å gå på skule, bestemme over sin eigen kropp og bli lytta til i samfunnet, vil det føre til mindre fattigdom, mindre vald og meir rettferd.

 

Til toppen