Departementet gir 200 millioner til kommunedelingÅlesund kommune har no fått svar på søknaden om økonomisk kompensasjon, og får tildelt 200 millionar kroner. Formannskapet skal no ta stilling til om informasjonen frå departementet er tilstrekkeleg til å ta opp igjen arbeidet med å etablere to ny kommunar. Jon Steven Hasseldal, kommunedirektør Ålesund kommune Kommunedirektør Jon Steven Hasseldal er glad for at det no kom ei avklaring. Dette var ei utruleg gledeleg nyheit å få. Det har vore ein vanskeleg situasjon for alle involverte, men no vil nok arbeidet kunne starte opp igjen snart. Formannskapet må avgjere Det vert no kalla inn til formannskapsmøte, då det er dei som har fått delegert mynde til å kunne starte opp igjen kommunedelingsprosessen når kommunen har fått svar på søknad om økonomisk kompensasjon. Møtet vert gjennomført skriftleg. Det vil seie at representantane må ta stilling til forslaget frå kommunedirektøren innan et sett klokkeslett. Formannskapet må dermed bestemme seg innan klokka 10 på mandag. Om ein ikkje er einstemmig i vedtaket, må det kallast inn til anten fysisk eller digitalt møte. Sjå svaret frå departementet Under kan du lese svar på søknaden om økonomisk kompensasjon for kostnader ved deling av Ålesund kommune frå kommunal- og distriktsdepartementet. Svar på søknad om delingskostnadar (PDF, 118 kB) Sist endra 14.06.2023 11.23