Dele bil?

Dele bil?

Ålesund kommune arbeider saman med Tafjord og Sparebanken Møre om å få på plass ei bildelingsordning. Målet er å få ned bruken av kommunalt eigde og private bilar til tenestekøyring, og å få fleire tilsette til å velge anna løysing enn køyring med privat bil til og frå jobb.

Ei arbeidsgruppe ser no på korleis ein skal organisere denne ordninga. Ordninga skal også kunne brukast at innbyggarane etter gitte kriterium. Gruppa ser blant anna på desse spørsmåla:

  • Kvar skal ei (eller fleire ulike) delingsordningar lokaliserast, kven (tenester) skal nytte dei og kor mange bilar bør dei omfatte?
  • Kor mange arbeidsgivarbetalte parkeringsplassar kan frigjerast i parkeringshusa i Ålesund sentrum? (Faste plassar pluss rabattkort som i røynda er å likne med faste plassar.)
  • Når kan ordninga(ne) kome i gang? Kva må førebuast?
  • Kva for særskilte kriterium bør knyttast til innbyggarane sin bruk av delingsordninga?
  • Er det mogeleg å sette i gang ein pilot t.d. lokalisert til Ålesund rådhus for kontortilsette som har arbeidsgivarbetalt parkeringsplass, og der behovet for tenestekøyring ikkje inneber frakt av materiell i vesentleg omfang?
  • Kor mange kan omfattast av ein slik pilot, kor mange bilar må til, og når kan piloten i så fall settast i gang?
  • Kva for spesifikke krav med tilknytning til sjølve ordninga må stillast til aktuelle firma i samband med utlysing av anbod på bildelingsordning?

Arbeidsgruppa skal  orientere seg om løysingar som er etablert eller er under etablering i andre kommuner, og særskilt dei som er basert på at innbyggarar skal kunne nytte dei same bilane til privat bruk etter arbeidstid.

Ordninga skal administrerast av eit eigna eksternt firma etter anbod og arbeidsgruppa arbeider no med å lage utkast til anbodet. I august vil partnarar ved Ålesund framtidslab  - U4SSC ip bli inviterte til å kome med innspel til anbodet.

Løysinga må vere slik at den er økonomisk berekraftig for eventuelle leverandørar som ønsker å etablere seg i regionen. Om løysinga skal vere berekraftig, må fleire aktørar enn Ålesund kommune, Tafjord og Sparebanken Møre ønske å nytte seg av bildeling.

Ålesund kommune har eit spesielt fokus på FNs berekraftsmål i juni og bildelingsordning kjem under fleire av desse.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 

 

 

Til toppen