Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Det er gult nivå på skolar og barnehagar til og med fredag 17. september.

Koronatest | Vaksine | Smittetal | Alt om korona | Information about corona in other languages

Siste nytt

Bypakken er sendt over til Samferdselsdepartementet 

Kvalitetssikringa kan ta opp mot eit halvår fortel leiar i styringsgruppa for Bypakke Ålesund, Tore Johan Øvstebø (KrF)

- Kvalitetssikringa (KS 2) vert lyst ut på anbod og utført av private fagmiljø der dei går igjennom heile bypakken på nytt for å forsikre seg om at alle vesentlege risikomoment er vurderte og handterte, at økonomien stemmer og at strategien for gjennomføring er god, fortel han. 

Øvstebø er svært glad for at bypakke Ålesund no er ute av dødvatnet, takka vere statssekretær Ingelin Noresjø. Dei deltok begge på Nettverk for nye byvekstavtaler i Bodø 11. mars. 

- Under møtet fekk eg snakka med henne og la fram vår fortviling over at bypakken hadde vorte liggande i Vegdirektoratet – etter bompengeforliket hausten 2019. Eg hadde kontakt med Noresjø i vekene etterpå og laurdag 28. mars fekk eg gladmeldinga om at bypakken var komen til Samferdselsdepartementet – og at KS 2 er like om hjørnet.

Stor tru på at første prosjekt kan vere i gang i 2021

No har Øvstebø og styringsgruppa tru på at saka kan behandlast i Stortinget seinast våren 2021 – kanskje før. 

- Uansett bør vi kunne vere i gang med dei første prosjekta i 2021. Som kollektivknutepunkt i sentrum, på Campus Ålesund og ved sjukehuset. Sykkel og gangvegar vil òg bli prioritert høgt i starten, parallelt med at det vert rigga til utbygging av ny vegtrase frå Breivika – Lerstad.

Foto av blide menn og kvinner - Klikk for stort bilete 

Til toppen