Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Siste nytt

Buss-slusa til Moa opnar neste månad

Onsdag vart bommen ved den nye buss-slusa frå Lerstad til Moa testa ut. Bussane har no fått kodebrikka for bommen, og busspendlarane kan sjå fram til kortare reisetid mellom sentrum og Moa. Klikk for stort bildeInge Rønstad (t.v.) i Fram får 40 kodebrikkar frå Mirza Begiz i Ålesund kommune. Brikkene skal bussane bruke når dei skal opne bommen på den nye snarvegen mellom Lerstad og Moa.   

-Systemet er testa, og alt fungerer slik det er tenkt, seier Mirza Begiz.

Han er avdelingsleiar ved trafikk og miljø i Ålesund kommune.

Kommunen legg opp til at bussane kan bruke det nye anlegget frå slutten av juni. Også ambulansane har fått kodebrikker, slik at dei kan bruke snarvegen til Moa, fortel Begiz. 

Busspassasjen mellom Lerstad og Moa har kosta fem millioner kroner. Det er kommunen som har bevilga midlane, og prosjektet er det aller første som er forankra i Bypakke Ålesund som bli gjennomført.

Den nye bussslua og snarvegen til Moa, vil korte ned bussturen mellom sentrum og Moa med omlag fem minutter. I rushtiden kan ein spare så mykje som 15 minutter på den nye vegen. 

Onsdag varKlikk for stort bildeOnsdag vart den nye bommen på Lerstad testa ut.  representantar for bomleverandøren tilstades under testen. Anlegget er det første av sitt slag i Møre og Romsdal, men er flittig i bruk i mellom anna Oslo. 

Men anlegget er ikkje heilt ferdig. Når bussane kjem til Moa, må dei framleis ta ein 180 graders sving for å komme inn på bussterminalen.

Men arbeidet med å endre krysset mellom bussterminalen og Moa Svømmehall startar om to veker.  

Dei kommunale arbeidslaga er akkurat no opptatt på andre prosjekt, men vi reknar med at arbeidet ved svømmehallen og busstasjonen kan starte i midten av juni. Plana er å rette ut svingen, slik at bussane slepp to krappe svingar for å kome seg inn på busstasjonen når dei kjem frå sentrum, fortel Begiz.

Bussar som skal ut frå bussterminalen mot sentrum via Lerstad, må framleis ta den ekstra svingen. Det må også alle privatbilar.  Det nye krysset ved svømmehallen kan bare nyttast av bussar som kjem frå sentrum, og krysset vert utstyrt med ein bom. 

Privatbilar som skal køyre inn på gamle Breivikvegen kan ikkje nytte den nye snarvegen.

Til toppen