Bufdir – tilskot 2024

No kan ein søke tilskot frå Bufdir til inkludering av barn og unge. Fristen på landsbasis er 3. november, men søknader som gjeld tiltak i Haram har fått forlenga frist.

Barn leiker med såpebobbler - Klikk for stort bileteBarn som leikar seg Pixabay.com

Bufdir – tilskotet er ei tilskotsordning med mål om å legge til rette for at alle barn og unge skal ha moglegheit til meistring og samfunnsdeltaking. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. Målgruppa er barn og unge i alderen frå 0 til og med 24 år som av ulike orsakar står i fare for å hamne i utanforskap. Nokre aktivitetstypar kan ha ei meir avgrensa målgruppe. 

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) deler ut midlane til denne ordninga. Kommunen vurderer søknadane og tilrår til Bufdir. Bufdir tar den endelege avgjerda om kven som skal få midlar.  

Kven kan søke:  

  • Offentlege instansar  
  • Frivillige organisasjonar  
  • Private aktørar 

Enkeltpersonsforetak eller privatpersonar kan ikkje søke. 

Nytt regelverk for tilskotsordninga i 2022 

Det kom i 2022 ei ny forskrift om tilskot til inkludering av barn og unge, som omfattar det som tidlegare var tilskotsordningane:  

  • «Nasjonal tilskuddsordning for å inkludere barn og unge», 
  •  «Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn»  
  • «Støtte til oppfølgings- og losfunksjoner for ungdom». 
  •  Det kan søkjast om tilskot for ei periode på inntil tre år med atterhald i Stortinget sitt budsjettvedtak for det einskilde år. 
  •  Det kan søkast om tilskot til ulike aktivitetstyper etter kriteria som er fastsett i forskrifta. Kvar aktivitetstype har eit eige søknadsskjema i søknadsportalen.   
  • Kommunen skal sende inn ein samla søknad om tilskot, eventuelt med fleire aktivitetstypar. 
    • For søknadar som gjeld  koordinering av lokalarbeid for inkludering av målgruppa eller utprøving av arbeidsmodellar, skal det nyttast eigne skjema.  

 

Om søknader til Haram

Moglegheita til å søke om støtte til aktivitet i/for Haram kommune har nyleg komt på plass, derfor er søknadsfristen her forlenga til 10. november. 

Dette er ei veke seinare enn ordinær søknadsfrist, og ordninga vil dermed ligge under “Utlysninger” og “Utgått søknadsfrist” i Bufdir sin søknadsportal. Lenke til portalen ligg finn du i avsnittet under.

Merk: For alle andre kommunar er fristen den 3. november.

Slik søker du 

  1. Les utlysingsteksten nøye og sett deg inn i regelverket.  
  2.  Logg inn, fyll ut og send inn søknaden 
     

Når du har sendt inn søknaden vil kommunane i tilskotsordninga gjere ei administrativ og/eller politisk vurdering og prioritering av søknadane. Det er Bufdir som gjer den endelege tildelinga. 

Kontaktperson i Ålesund kommune: 

Minda Myklebust, STL-koordinator

Kontaktperson i Haram kommune:

Laila Grytten, tenesteleiar i Haram kommune