Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Vi anbefaler samtidig til bruk av munnbind klarer du ikkje halde meteren og maks 10 i eigen heim. Vi har samla alt du treng å vite om koronasituasjonen i kommunen vår. På samlesida finn du oppdaterte smittetal, korleis du bestiller koronatest og påmelding til vaksinering.

Alt om korona | Information about corona in other languages

Siste nytt

Budsjettrevisjon og endring i reglement for folkevalde

Politikere som sitter i en sal.  - Klikk for stort bileteÅlesund formannskap 1. juni Ålesund kommune Tysdag 8. juni er det møte i Ålesund formannskap frå kl. 09.30. På sakslista står blant anna budsjettkontroll for april og budsjettrevisjon, utlysning av stillingar og endring i forskrift og reglement for folkevalde. Sjå møte direkte på Kommune-TV eller facebook! 

Først i møtet skal det haldast ei orientering om rolleforståing i samband med generalforsamlingar for kommunale selskap av Kjell Standal. Frå kl. 10.00 blir det generalforsamlingar for selskapa Ålesund kommunes administrasjonsbygg AS, Haram bygdebok AS og Øyvon AS. Frå ca kl. 11.30 blir det oppstart av behandling av sakene på sakslista. 

Dette er blant sakene som skal opp i formannskapet tysdag 8. juni: 

 

Budsjettkontroll for april og budsjettrevisjon

Samla rekneskapsresultat i 2019 for dei fem kommunane Ålesund, Sandøy, Ørskog, Haram og Skodje synte eit meirforbruk på 43,8 millionar kroner. Etter gjeldande regelverk for samanslåtte kommunar skal dette meirforbruket dekkast inn seinast i løpet av 2022.

Rekneskapen for 2020 er gjort opp med eit meirforbruk på 96,8 millionar kroner, og disposisjonsfondet til kommunekassa er tømt. Også dette meirforbruket må dekkast inn seinast i løpet av 2022. Om ein ikkje klarer dette, blir kommunen registrert i ROBEK.

Omfattande tiltak

Saka om budsjettrevisjon inneheld forslag til omfattande tiltak som må til for å balansere drifta for inneverande år. Med god hjelp av auka inntekter og lågare finanskostnadar vil tiltaka vere tilstrekkeleg til at kommunen vil kunne drifte om lag i balanse i år.

I 2022 må kommunen betale tilbake meirforbruka frå 2019 og 2020, til saman 140,6 millionar kroner. Med andre ord må kommunen ha eit mindreforbruk på minst 140,6 millionar kroner til neste år. Skal ein klare det, er det nødvendig å gjere langt større innsparingar enn det som her er foreslått.

Utlysning av stillingar

Formannskapet skal behandle utlysning av stillingar. Dette gjeld to konsulentar ved dokumentsenteret, ein konsulent IKT og ei midlertidig stilling som er eksternt finansiert som rådgivar digital tvilling ved framtidslaben. 

Endring i forskrift og reglement for folkevalde

Ålesund kommunestyre vedtok i møtet 14.01.21, sak 004/21, å opprette eit oppgåveutval som skulle jobbe med politiske reglement. Hovudendringane som er foreslått er at:

  • ein held på reduserte satsar for godtgjersle (jf. sak 001/21 der ein vedtok endringar ut 2021).
  • ein gjer presiseringar kring rettar og plikter til folkevalde, under dette i sær knytt til frikjøpte politikarar
  • ein gjer presiseringar rundt møtegjennomføring

    Med desse endringane, sende Oppgåveutvalet følgande forskrift og reglement ut på offentleg høyring i samsvar med forvaltningslova §37: 
     
  • Lokal forskrift om folkevalde sine rettar til godtgjersle og velferdsgode i Ålesund kommune
  • Reglement for folkevalde sine arbeidsvilkår
  • Reglement for folkevalde organ

Innspela som har kome gjennom høyring, er i stor grad innarbeidd i forskrift og reglement.

Deltaking i lokaldemokratiprosjekt

Kommunal- og moderniseringsdepartementet inviterer i brev av 20.05.21 Ålesund kommune til å søke om å delta i eit lokaldemokratiprosjekt og bli føregangskommune.

Departementet ønskjer å synleggjere kommunar som arbeider særs godt med å utvikle lokaldemokratiet og som tek i bruk modellar som andre kommunar kan la seg inspirere og lære av.

Om lag 8 kommunar vert valde ut til å delta. Kommunane som vert valde ut vil kunne få inntil 300 000 kroner i tilskot til utviklingsarbeid på lokaldemokratiområdet i ein to-årsperioden, frå hausten 2021 til sommaren 2023.

Søknad om økonomisk støtte til markering av 22. juli

22. juli i år er det 10 år sidan terrorhandlinga i regjeringskvartalet og på Utøya. Regjeringa har oppmoda til at det over heile landet 22. juli skal gjennomførast ei 10 års-markering.

I Ålesund er det planlagt musikalske innslag, taler, kransepålegging og minnetale ved ordførar. Det er óg planlagt ei fellesvisning på kino for å se filmen "Generasjon Utøya". Det er søkt om 40.000 av formannskapet sin reservepost for å dekke markeringa. Formannskapet sin reservepot er per 31. mai på kr. 314.000. 

Sakspapir og vedlegg

Sjå alle sakspapir og vedlegg til sakane i vår Møteportal. 

 

Sjå formannskapet sitt møte direkte

Til toppen