Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Information about corona in other languages.

Siste nytt

Bruk rett telefonteneste når du har spørsmål

Behovet for informasjon er svært stort no. Både kommune og styresmakter har eigne telefontenester for koronaspørsmål. Men det frivillige Noreg har òg ei rekkje tilbod som du kan nytte.  Her er ei oversikt over alle tilgjengelege telefon- og chattetenester som kan brukast om du treng nokon å snakke med.

illustrasjonsbilde - Klikk for stort bildeillustrasjonsbilde

 

 

 

Diabetesforbundet har oppretta eige diabeteslinjen på nett eller på telefon:
815 21 948  (kvardagar  09-19, lørdagar og søndagar 10-18)

LHL har gått saman med Helsedirektoratet, Nasjonalforeningen for folkehelsen og Norske Kvinners sanitetsforening om tenesta «Frivillighetens koronalinje»  Dei har telefon: 23 12 00 80

Astma og allergiforbundet har også rådgivingsteneste på 23 35 35 35 dersom du har generelle spørsmål om korona, astma eller kols.

Pårørandelinja
Ein hjelpetelefon for pårørande i alle aldre. Pårørendelinjen er tilgjengelig på chat, telefon og e-post. Dei tilsette har helse- og sosialfagleg utdanning og taushetsplikt. Dei sit klar til å ta imot telefonar frå både barn og vaksne!

Telefon:  90 90 48 48

Opent kvardager mellom klokka. 09.00 og 15.00.

Men det finnes mange andre tenester du kan knytte om du har spørsmål knytta til det som no skjer i landet vårt.   Her er ei oversikt over telefon- og chattetenester som held ope for deg som treng nokon å snakke med. 

Til deg som er ung

Dersom du slit med vonde tankar eller har det vanskeleg heime, er det viktig å snakke med nokon du stoler på. Sjølv om skulen er stengd, er læraren din framleis på jobb og tilgjengeleg for deg. 

Det finst òg andre alternativ for deg som treng nokon å snakke eller chatte med. 

•    Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111
Alarmtelefonen er eit nødnummer for deg som blir utsett for vald eller overgrep eller føler deg utrygg på andre måtar. Du kan òg ringje dersom du er bekymra for nokon du kjenner. Telefonnummeret er 116 111, du kan ringje heile døgnet no i samband med koronasituasjonen. 

•    BaRsnakk
BaRsnakk er eit chattetilbod til deg som har foreldre, eller andre nær deg, som har eller har hatt eit rusproblem. Chatten er open måndag til onsdag 17.00–20.00, og du kan skrive anonymt om det som opptek deg. Tilbodet blir drive av frivillige i organisasjonen Barn av rusmisbrukere. 

•    Kors på halsen
Kors på halsen er eit tilbod til deg under 18 år og er bemanna av frivillige vaksne frå Røde Kors. Du kan velje om du vil ringje, chatte eller sende e-post. Du kan ringje 800 333 21 måndag til fredag 14.00–22.00. Du kan òg snakke med andre på din eigen alder på forumet. 

•    SnakkOmPsyken.no
Dette er Blå Kors si chatteteneste for deg mellom 9 og 19 år. Her kan du chatte om vanskelege tankar og kjensler. Opningstidene er måndag til torsdag 09.00–21.00, fredag 09.00–15.00 og søndag 15.00–21.00.

•    UngPrat.no
Ungprat.no er ei samtaleteneste for barn og unge mellom 13 og 24 år som treng nokon å prate med. Opningstidene er søndag til fredag 09.00–21.00. 

Til deg som er bekymra for eit barn

Når samfunnet stengjer ned, mister barna våre kontakten med nettverket dei har gjennom barnehage, skule og fritidsaktivitetar. Dette er tida for å senke terskelen for å ta grep. Her er ei oversikt over kvar du kan ta kontakt for å få råd og rettleiing:

•    Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111
Alarmtelefonen er det nasjonale nødnummeret for barn og unge. Vaksne som er bekymra for eit barn, kan ringje alarmtelefonen. Telefonen er bemanna av fagpersonell, og du kan ringje heile døgnet no i samband med koronasituasjonen.

•    Barnevernet.no
Barnevernstilsette er inkludert i gruppa samfunnskritisk personell under koronakrisa for å sikre dei mest utsette barna. På barnevernet.no er det informasjon om barnevernsvakter og barnevernstenester i alle kommunar og om korleis du melder bekymring til barnevernet.

Til deg som har det vanskeleg

Dette er ei krevjande tid for både barn og vaksne. Dersom du synest det er vanskeleg å handtere situasjonen, eller dersom du treng hjelp for å vere ein god forelder, finst det fleire gode tilbod til deg. 

  • Hjelpetelefonen til Mental Helse: 116 123
    Hjelpetelefonen er ei gratis døgnopen telefonteneste for alle som treng nokon å snakke med. Du kan vere anonym, og den du snakkar med, har teieplikt. Dei har òg ein chat på sidetmedord.no.
     
  • Kirkens SOS 
    Her kan barn, unge og vaksne ta kontakt dersom dei treng nokon å snakke, melde eller chatte med. Du kan ta kontakt på tlf. 22 400 040 heile døgnet. SOS-chat er open alle kvardagar 18.30–22.30. Du kan vere anonym.
     
  • Foreldresupport 
    Foreldresupport er ei døgnopen telefon- og chatteteneste for omsorgspersonar som treng hjelp og rettleiing eller har behov for å lufte tankane sine med nokon. Tenesta blir driven av Mental Helse, og telefonnummeret er 116 123 (tast 2). 
     
  • Vold- og overgrepslinjen 116 006
    Vold- og overgrepslinjen er ei døgnopen hjelpelinje for deg som opplever vald i nære relasjonar eller er bekymra for nokon du kjenner. Tenesta er anonym. 
     
  • Anonyme Alkoholikere (AA) 
    Anonyme Alkoholikere er eit fellesskap der kvinner og menn deler erfaring, styrke og håp med kvarandre for å løyse eit felles problem og hjelpe andre med å bli friske frå alkoholisme. Du kan ringje 911 77 770 måndag til fredag (11.00–15.00 og 18.00–22.00) og laurdag til søndag (18.00–22.00).
     
  • Rådgivingstelefon for pårørande
    Landsforeningen for pårørende innen psykisk helse og rus tilbyr rådgiving om rettane og behova til pårørande og informasjon om hjelpeapparatet. Du kan ringje 22 49 19 22 på måndag til fredag (10.00 – 15.00, tysdag 11.00 – 19.00). Dei har òg ein chat for unge, Ungchat.
     
  • For kreftsyke eller pårørende
    Er du kreftsyk eller pårørende til noen i Ålesund? Kreftkoordinator  og pårørendekoordinator i Ålesund har noe redusert kapasitet grunnet arbeid rundt koronasituasjonen, men kan fortsatt kontaktes for informasjon, råd og veiledning. Vi kan også ha støttesamtaler på telefon.  Send gjerne sms eller legg igjen en talemelding så tar vi kontakt så snart som mulig. Kreftkoordinator 409 24 712 og pårørendekoordinator 480 91 554.
Til toppen