Viktig informasjon om korona

Siste nytt

Blir du 55 i år og vil vaksinere deg? Bestill time no

Vaksineillustrasjon - Klikk for stort bileteVaksineillustrasjonÅlesund kommune har framleis ledige vaksinetimar for veke 25 for deg som fyller 55 år i 2021 eller er eldre. Sjå også vaksinebarometer for veke 23 og kor langt vi har kome i vaksineringa! 

Alle timar til veke 24 blei raskt booka. Intervallen mellom første til andre dose er no 9 veker. Dette er endra nasjonalt frå 12 til no 9 veker. Kommunen vil flytte vaksinetimar fram for å oppfylle dette.

Kommunen la ut vaksinetimar for veke 24 og 25 måndag 7. juni. Vi har frå i dag senka alderen og tilbyr vaksine for deg som fyller 55 år og oppover. Timane for veke 24 blei raskt bestilt, mens det er om lag 1 000 ledige timar for veke 25.

Du bestiller time via helseboka: Bestill vaksinetime

All vaksinering i veke 24 og 25 skjer på Sparebanken Møre Arena.

Vaksinebarometer for veke 23

Kvar måndag framover vil vi legge ut vaksinebarometer som fortel deg kor langt vi har kome i vaksineringa.

Vaksinebarometer som formidler statistikk i vaksineringa for Ålesund - Klikk for stort bileteVaksinebarometer for Ålesund kommune  

Til toppen