Bli med å forme frivilligheita der du bur

Dei fire frivilligsentralane i Ålesund ønskjer seg innbyggjarar med på laget for å skape tettare samarbeid med lokal frivilligheit og knyte sentralane betre saman gjennom felles prosjekt.

Ålesund kommune har fire frivilligsentralar: Sandøy, Ørskog, Skodje og Ålesund. Kvar frivilligsentral har lokal tilknyting og arbeider med og for frivilligheit i sitt område. Kva kvar frivilligsentral arbeider med er i stor grad bestemt av lokale behov og ønskje.

Er du oppteken av lokalsamfunnet ditt?

Vil du vite meir om, og kunne påverke, korleis kommunen samarbeider med frivilligheit i nærmiljøet ditt? Då kan du vere den vi ser etter i ressursgruppa til frivilligsentralane.

Helt konkret søker vi etter deg som er:

  • Over 18 år
  • Engasjert i nærmiljøet
  • Ønskjer å bidra til at Frivilligsentralane i kommunen har best mogleg utgangspunkt for å gjere ein god jobb i sitt område

Litt om ressursgruppa

Det skal bestå av to personar frå kvar kommunedel, i tillegg til tilsette frå den enkelte frivilligsentral.

Dette er eit frivillig verv, og medlemmane sit i utgangspunktet i to år av gongen. Møtehyppigheita blir bestemt av ressursgruppa, med eit utgangspunkt i fire møter i året der nokre vil vere digitale.

Vi ønskjer ei engasjert og aktiv gruppe som har eit ønskje om å bidra til at kommunen og frivilligheit har gode samarbeid gjennom å:

  • Arrangere dialogmøter for frivilligheit i samarbeid med frivilligsentralane
  • Dele synspunkt, råd og idear til arrangement eller prosjekt som frivilligsentralane kan engasjere seg i
  • Kome med innspel og kunne påverke kva som skal vere frivilligsentralane sitt felles satsingsområde, med mål om å knyte frivilligsentralane tettare saman
  • vere eit utvida nettverk for frivilligsentralane
     

Kan du tenkje deg å vere med i ressursgruppa?

Send inn skjema her

Søknadsfrist 2. februar 2025.

Ta kontakt med din nærmaste Frivilligsentral om du har spørsmål!

Kontaktinformasjon

Skodje Frivilligsentral
skodje.innbyggartorg@alesund.kommune.no
70 24 40 00
Innbyggartorget Skodje, Nihusvegen 3

Sandøy Frivilligsentral
steinshamn.innbyggartorg@alesund.kommune.no
70 16 57 00
Innbyggartorget Sandøy, Austrevegen 15

Ørskog Frivilligsentral
kai.oskar.eidsvik@alesund.kommune.no
97712943
Sjøholt Tenestehus, Øyravegen 11

Ålesund Frivilligsentral
alesund.frivilligsentral@alesund.kommune.no
945 22 775
Ålesund Innbyggertorg, Keiser Wilhelmsgate 11