Bli instruktør for Sterk og stødig

Vi treng fleire instruktørar til det populære treningstilbodet. Er du glad i å bevege deg, ledig på dagtid og vil leie ei treningsgruppe? Sjå meir informasjon her. 

Blide kvinner smiler mot kamera - Klikk for stort bilete

Vi ønsker å starte grupper i kommunedelar som enno ikkje har dette tilbodet. Samtidig er fleire av dei eksisterande gruppene allereie fulle, og i desse områda treng vi fleire grupper. 

Instruktørkurset er gratis og blir halde i Blindheimsbreivika 10. Det består av eit forkurs på 2,5 timar og tre heile kursdagar: 

  • Måndag 23.10.2023 kl 12:30-15:00 
  • Måndag 30.10.2023 kl 09:30-15:30
  • Tysdag 31.10.2023 kl 09:30-15:30
  • Torsdag 09.11.2023 kl 09:30-15:30

Vi ser etter deg som:

  • er glad i å bevege deg
  • liker å jobbe med andre
  • er senior eller er ledig på dagtid
  • ønsker å leie ei treningsgruppe

Du som instruktør får:

  • gratis instruktørkurs
  • hefte med øvingar
  • hjelp med igangsetting av gruppe
  • vidare rettleiing av fysioterapeut
  • førstehjelpskurs og fagleg påfyll
  • nye vennskap

Vi håper å sjå nettopp DEG på kurset! 

Påmeldingsfrist er 16. oktober 2023.

Meir informasjon

Ved spørsmål eller påmelding kan du nå oss på e-post til sterkogstodig@alesund.kommune.no eller telefon 90 97 25 46 (måndag-fredag 10.00-13.00).