Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Siste nytt

Bingsa har ope som normalt, måndag 29. juni.

Miljøstasjonen på Bingsa har ope etter brannen som var på laurdag. Det var ikkje brann  på den delen av anlegget folk bruker når dei leverer avfall. Her blir det  ordinær drift frå måndag, private og bedrifter kan difor levere avfall som normalt. 

Laurdag oppsto det brann i deponiet på Bingsa. Rask reaksjon frå industrivernet og brannvesenet, gjorde at brannen fort kom under kontroll. Selskapa er letta over at sløkkingssarbeidet gjekk raskt, og takkar brannvesenet og eigne tilsette for handlekraft og godt utført arbeid.
 
Natta etter og gjennom søndagen, har det blitt utført etterslokking og tilsyn. Området som brann vil vidare bli overvåka fram til i morgon.
 
Årsaka til brannen er foreløpig ikkje kjend.
 
 

Til toppen