Koronaviruset

På vår temaside om koronavirus  finn du siste informasjon om koronaviruset, tiltak vi gjer i kommunen og kva dette betyr for deg. Ålesund kommune tilbyr testing for personer med symptom på koronavirus (covid-19) ved teststasjonen på Åse.  Information about corona in other languages. 

Siste nytt

Billegare SFO for dei med låg inntekt

For kommande skuleår blir det mogleg for familiar med låg inntekt å få billegare SFO. Dette kan ein søke om i midten av august.

Paradis - Klikk for stort bilde Pixabay  Regjeringa har innført redusert foreldrebetaling i SFO for låginntektsfamiliar, og gratis SFO for barn med særskilt tilrettelegging.  Ordninga skal sikre at ingen familiar bruker meir enn maksimalt seks prosent av inntekta si til å betale for ein SFO-plass.

Tiltaket gjeld berre for 1. og 2.-klassingar og vedtak blir fatta for eitt skuleår om gongen.

Ålesund kommune skal utarbeide retningslinjer til redusert foreldrebetaling. Meir informasjon og digitalt søknadsskjema vil komme i veke 33, altså i midten av august. Søknadsfristen blir sett til 1. september, men vedtak vil få tilbakeverkande kraft og gjelde for heile skuleåret dersom ein søkjer innan fristen.

Til toppen