Betring i økonomien, men framleis svært alvorleg

Betring i økonomien, men framleis svært alvorleg

Skatteinngangen til kommunen er høgare enn venta. Prognosar viser at kommunen kan vente 72 millionar kroner i auka skatteinntekter i 2021. Men dette løyser ikkje alle dei økonomiske utfordringane kommunen står framfor. No får  formannskapet nok ei sak til behandling på korleis kommunen skal få budsjetta i balanse.Ordførar Eva Vinje Aurdal og kommunedirektør Astrid Eidsvik. - Klikk for stort bileteOrdførar Eva Vinje Aurdal og kommunedirektør Astrid Eidsvik. 

Formannskapet skal møtast på Teams 11.mai. Møtet startar klokka 14.00 med ei tidsramme fram til 17.30. Møtet vert overført på kommunen si facebook-side og på kommune-tv.

11 saker står på saklista, og budsjettkontroll for mars og budsjettrevisjon er første sak.

I saksførebuinga skriv kommunedirektøren at kommunen er i ei djup økonomisk krise. Disposisjonsfondet er tomt, driftskostnadane er langt høgare enn laupande inntekter, og kommunen har store investeringsbehov. På toppen av det heile handterer kommunen ein langvarig pandemi med alt det fører med seg av ressursbehov.

Kommunestyret har sagt nei til nedlegging av sjukeheimsplassar, og det gjer at kommunen må finne inndekning for budsjettunderskot andre stader. Førebels har ein ikkje bestemt kor kutta skal kome.

Kommunedirektøren varslar eige sak om dette i juni. Ho skriv: 

«Dette krev nærare utgreiingar, noko som gjer at kommunedirektøren vil kome attende til kommunestyret med forslag til budsjettendringar i tillegg til dei forslag som ligg føre i denne saka. Det vert lagt opp til at kommunestyret får denne saka til handsaming på sitt møte i juni.»

I sakspapira kjem det fram at trass auke i dei frie inntektene syner prognosen for året at det er venta eit meirforbruk på om lag 108 millionar kroner når ein tek omsyn til auka skatteinngang og auke rammetilskot.

Kriterier for sal av dronning Sonjas plass

Høg bygg på Dronning Sonjas plass - Klikk for stort bileteEit av forslaga til bygg på Dronning Sonjas Plass Framtida til Dronning Sonjas plass, midt i Ålesund sentrum, skal òg opp til behandling. No er det vilkåra for sal av plassen som skal diskuterast. Private utbyggarar har ytra ønske om å kjøpe tomta og bygge den ut. I eit tidlegare vedtak har formannskapet sagt ja til sal av tomta på visse vilkår. Mellom anna til korleis tomta kan utnyttast og rammene for korleis eit nytt bygg og uteområde skal sjå ut.

Kommunedirektøren inn stiller på at kriteria for sal skal bygge på beste konsept med illustrasjon av utnytting av tomta og omkringliggande område.

Beste konsept skal vektast 60 %, medan pris skal telle 40 prosent når ein vurderer alternativa som kjem inn.

Nye vassavtalar med Sula og Giske

Ålesund kommune har no re-forhandla avtalane om levering av drikkevatn til Sula og Giske. Dei eksisterande avtalane dekker ikkje Ålesund kommune sine kostnadar med vassleveransane. Avtalane vert regulert etter konsumprisindeksen og fangar for eksempel ikkje opp kommunen sine auke i kostnader når ein gjer store investeringar.

Dei nye avtalane som formannskapet no skal gi si innstilling til kommunestyret på fører til at betalinga for vassleveransane vil auke og ligge på eit nivå som speiler dei kostnadane som Ålesund kommune har med å levere vatn til avtalepartnarane.

Du kan sjå heile sakslista her med saksdokument til Ålesund formannskap 

Til toppen