Siste nytt

Avgrensa publikumstal under kommunestyremøtet

Under kommunestyremøtet 25. november må kommunen ha eit tak på 25 tilhøyrarar i bystyresalen. Vi set i tillegg opp eit ekstra rom ved sidan av salen (rom 463) der møtet vil bli vist på storskjerm. På dette rommet kan 13 personar få plass.  

Det må vere eit tak på tilhøyrarar for å oppretthalde smittevernreglane i salen og at alle skal kunne halde 1 meter avstand. 

Det vil vere vakter ved inngangen til lågblokka som held orden på publikumstalet.  Vi ber publikum om å bruke munnbind sidan mange er samla denne dagen.

Møtet startar kl. 14.00. Hugs du kan følgje møtet direkte på nettstrømming via Kommune-TV eller Facebooksida vår. 
 

Til toppen