Siste nytt

Åtte nye smittetilfelle i Ålesund kommune

Illustrasjon av koronaviruset - Klikk for stort bileteIllustrasjon av koronaviruset  Sidan seint laurdag kveld er det meldt til saman åtte nye smittetilfelle i Ålesund kommune.

  • Til saman seks personar i relasjon til Jugendbyen Barnehage har fått påvist smitte med koronavirus. Ein av dei er heimehøyrande i Sula kommune. Som ein konsekvens av dette er to klassar ved 6 trinn Spjelkavik barneskole er sett i karantene. Det er ventekarantene ved ei avdeling ved Tommeliten barnehage. Jugendbyen barnehage er som tidlegare meldt stengt.
  • Ein nærkontakt har fått påvist Covid-19. Dette medfører karantene hos tilsette og pasientar ved Hessa heimetenestedistrikt.
  • To personar i relasjon til Brooklyn pub har fått påvist smitte. Brooklyn Pub er stengt.

Kommuneoverlege Olav Mestad.j - Klikk for stort bileteKommuneoverlege Olav Mestad.j - Det totale tal på smittetilfelle som er relatert til utbrota ved utestadene Anno/Toldboden i Ålesund nærmer seg no 80. Av desse er 73 busett i Ålesund, seier kommuneoverlege Olav Mestad.

Til toppen