Ålesund rådhus
Torill Myren/Ekkoloddet
Ålesund kommune gjekk i 2018 inn ein rammeavtale med Atea AS om anskaffing av Trygghetspakke Velferdsteknologi, avtalen omfattar 17 kommunar i Møre og Romsdal.
Det viktigaste for begge partar er at folk skal kjenne seg trygge på at velferdsteknologien fungerer slik den skal. Dette er heilt avgjerande både for Atea AS og alle kommunane som har kjøpt utstyret.
Begge partar er difor nøgd med at ein gjennom arbeidet med denne saka har funne læringspunkt som gjer at ein kjenner seg heilt trygg på at tryggleiksalarmane verkar slik dei skal.
Alle kommunane har gjort eit stort arbeid med å teste samtlege tryggleiksalarmar for å kartlegge eventuell systemsvikt. Der det er oppdaga avvik, er tryggleiksalarmane allereie bytta ut.
Partane har no laga ein plan som gjer at alle tryggleiksalarmane blir oppgradert til den siste og beste versjonen. Dette gjer at kommunen vil få melding dersom tryggleiksalarmane sluttar å virke eller får lavt batteri.
Arbeidet med oppgraderinga tek til så snart som råd, og Atea AS vil tilby nødvendige utskiftingar av utstyr og konsulenthjelp til oppgraderinga.
«Ålesund kommune og Atea AS er glad for at ein no kan arbeide vidare i eit samarbeid som vil sikre tryggleiken til alle som har tryggleiksalarmar og familiane deira.»