Siste nytt

Astrid Eidsvik blir pensjonist frå 1. juli  

Kommunedirektør Astrid Eidsvik - Klikk for stort bileteKommunedirektør Astrid Eidsvik 

Kommunedirektør Astrid Eidsvik i Ålesund kommune har valt å seie opp si stilling frå 1. juli.  – Det er heilt udramatisk at eg vel å pensjonere meg, eg ønsker meir tid til andre ting enn berre jobb! 

Kommunedirektør Astrid Eidsvik har vore tilsett i Ålesund kommune sidan april 2015. Frå januar 2018 og fram mot kommunesamanslåinga 01.01.2020, var ho prosjektleiar for kommunesamanslåinga nye Ålesund. Hausten 2017 blei ho tilsett som kommunedirektør for Ålesund kommune etter samanslåinga. 

16. februar 2021 leverte ho inn si offisielle oppseiing til ordførar Eva Vinje Aurdal: 


-    Det er heilt udramatisk at eg no vel å seie opp mi stilling som kommunedirektør og bli pensjonist. Eg ser fram til å ha moglegheita til å kunne gjere andre ting, og kunne styre tida mi sjølv framover,  seier Astrid Eidsvik. 

Astrid Eidsvik legg opp til å fratre frå stillinga si 1. juli 2021. Ordførar Eva Vinje Aurdal seier dette om kommunedirektør Astrid Eidsvik: 


 

Ordførar Eva Vinje Aurdal - Klikk for stort bileteOrdførar Eva Vinje Aurdal Ålesund kommune  

-    Historia vil vise at Astrid Eidsvik har hatt dei aller mest utfordrande leiarstillingane i vår region. Ikkje minst dei siste seks åra som rådmann og kommunedirektør i gamle og nye Ålesund kommune. I ei svært krevjande tid med omstilling og nybrotsarbeid, har ho stått stødig ved roret. Vi takkar henne for godt leiarskap, og ønsker lykke til som pensjonist i rolegare farvatn. 


Vil rekruttere ny kommunedirektør


Arbeidet med å rekruttere ny kommunedirektør for Ålesund kommune vil no starte: 

-    Rekrutteringsprosessen etter ny kommunedirektør vil starte så raskt som råd. Eg vil ta dette opp med formannskapet i førstkomande møte, seier ordførar Eva Vinje Aurdal. 
 

Til toppen