Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Det er gult nivå på skolar og barnehagar til og med fredag 17. september.

Koronatest | Vaksine | Smittetal | Alt om korona | Information about corona in other languages

Siste nytt

Assisterande fylkeslege blir kommuneoverlege i Ålesund

Eirin Beate Nordal Steinsvik (35) blir ny kommuneoverlege i Ålesund kommune. Nordal Steinsvik kjem frå stillinga som assisterande fylkeslege i Møre og Romsdal

Portrettfoto - Klikk for stort bileteEirin Beate Nordal Steinsvik Privat Nordal Steinsvik tar over etter Olav Mestad som skal ha delt stilling som kommuneoverlege og fastlege framover.

Nordal Steinsvik har erfaring frå privat verksemd, god kjennskap til offentleg forvalting og interesse for dei juridiske og medisinfaglege perspektiva knytt til arbeidet som kommuneoverlege. Ho er for tida under utdanning for å spesialisere seg i samfunnsmedisin og begynner i stillinga som kommuneoverlege 1. oktober.

Stabssjef for strategi, samfunns- og næringsutvikling Anne Mette Liavaag er svært fornøgd med tilsettinga:

Eirin er svært kompetent og har dei personlege eigenskapane som vi ser etter i ei slik stilling. Ho er god til å samarbeide, er ryddig og systematisk, ansvarsfull og handlekraftig. Ho vil passe godt inn i kommunens eksisterande faggruppe.

Til toppen