Siste nytt

Aslaug (90) oppmodar alle til å ta vaksinen

Rett før klokka 12:30 i ettermiddag fekk Aslaug Bjørnsund Hollingsæter den første koronavaksinen i Ålesund.  Aslaug var aldri i tvil om at ho skulle ta vaksinen, og meiner at alle bør ta vaksinen når dei får sjansen.Klikk for stort bileteAslaug Bjørnsund Hollingsæter (90) får den første vaksina i Ålesund av sjukepleiar Ailin Bedir. 

-Det har vore ei vanskeleg tid. Ikkje får vi klemme, ikkje får vi røre nokon og ikkje får vi vere saman med familien så mykje som vi ynskjer, fortel den spreke 90-åringen.     

Det var sjukepleiar Ailina Bedir som satt den første vaksina. Litt nervøs med heile lokalpressa tilstades for å filme hendinga.

-Ein bli nesten litt nervøs, men det er godt å vere i gang. Det er jo ei litt spesiell vaksine, seier sjukepleiaren.

I løpet av tysdagen får 20 av bebuarane ved Åse helsehus vaksinen. Om tre veker får dei dose nummer to. Då kan dei endeleg håpe på ein betre kvardag.

-Det er trygt å vite at vi no får vaksinen. Eg var aldri i tvil om at eg skulle ta ho, uansett om ho hjelper eller ikkje, seier Aslaug som no ser fram til ei normalisering av kvardagen. 

Ordføraren på besøk.

Klikk for stort bileteOrdføraren var tilstades då den første vaksina vart sett i Ålesund. -Kjem ordføraren også, seier Aslaug spørjande. Ho kjenner eg! 
Det blir eit varmt møte mellom gamle kjende då ordførar Eva Vinje Aurdal kjem. Dei to har mykje å prate om. Felles korvener og ikkje minst røvarhistorier frå då Aslaug arbeidde i 10.etasje på rådhuset.

 -Dette er starten på slutten, forhåpentligvis.  Ein gledens dag,  og ein milepel i kampen mot pandemien, seier Aurdal som vart overraska over at det var ein gamal kjend som var først ute i Ålesund.   

Ho er glad at dei eldste og mest utsette bebuarane i Ålesund no får vern mot koronaviruset.  

-Eg  håpar vi kan få opp tempoet i vaksineringa. Både lokalt og nasjonalt. Vaksinen er det alle beste våpenet vi har i kampen mot smitta, seier Aurdal.

Førebels lovnad om 145 nye dosar neste veke 

Klikk for stort bileteVaksineÅlesund kommune fekk 205 doser med vaksine no den første veka. Dei er no fordelt på utvalde sjukeheimar i gamle Ålesund.

-No i starten valde vi å vaksinere bebuarane ved utvalde sjukeheimar i gamle Ålesund, fordi det er her smittepresset er størst, seier kommuneoverlege Olav Mestad.

Neste veke kjem ein ny sending med vaksiner til Ålesund.

-Førebels har vi fått lovnad om at vi i veke to får 145 dosar til.  Vi fortsett då vaksineringa av sjukeheimsbebuarar i gamle Ålesund og så seinare i dei andre kommunedelane. Vi har om lag 500 bebuarar på ulike sjukeheimar, og dei skal ha vaksinen først, seier Mestad.

Førebels ligg Ålesund an til å vaksinere 350 av dei 500 bebuarane i veke ein og to.  

-Vi veit ikkje frå veke til veke kor mange vaksiner vi kan få. Førebels er talet for neste veke 145, men dette kan endre seg. Når alle bebuarane på sjukeheimane har fått vaksine, startar vi med å tilby til alle over 85 år. Det blir fastlegar som truleg får ansvar for å sette vaksinen, seier kommuneoverlegen.

Ikkje trygg før om sju veker

Både Aslaug og dei andre som får vaksinen må ha dose nummer to  etter minst 21 dagar.

Om lag sju veker etter det reknar ein med at vaksinen har effekt, og vil kunne beskytte Aslaug og dei andre som blir vaksinert. 

-Vi må likevel halde fram med smitteverntiltak for å hindre at smitta breier seg mellom dei som ikkje er vaksinert og mellom personale. Når flest mogleg i risikogruppa er vaksinert, og smitta er fallande i befolkninga, vil ein gradvis kunne lette på tiltaka, seier Mestad.

Til toppen