Årets første møte i kommuneutvala

Fleire orienteringar, ei stadfesting av politisk styringsform og mogleg vertskommunesamarbeid om kulturskule var blant sakene i utvalsmøta torsdag formiddag.

Eit møte, ein mann og to damer sitt ved eit bord - Klikk for stort bileteKommuneutval Ålesund Ingvild Liadal

Ungdom ønskjer opphaldsstad

I Brattvåg starta politioverbetjent Ingrid Korsnes Hildre møtet ved å orientere om behovet for ungdomsklubb. Ungdommane i Brattvåg og Haram har ikkje ein plass å vere etter skuletid, med mindre dei driv med fotball og korps. Ungdommane og eldsjelene bak initiativet ønsker å ta i bruk det gamle banklokalet i Brattvåg.

Dame på talerstol - Klikk for stort biletePolitioverbetjent Ingrid Korsnes Hildre orienterte om behovet for ungdomsklubb i Brattvåg Jon Åge Giske Andersen

Initiativtakarane treng stadfesting frå kommunen om at dei får tilgang til lokalet før dei kan starte prosessen med å søke om midlar. Tove-Laila Bjerke, leiar for ungdomsfritidsordninga på Ingebrigt Davik-Huset, gav også sitt perspektiv.

Status kommunedeling

Begge utvala fekk av prosjektleiarane sine orientert om status for kommunedelinga. Det vart mellom anna fortalt om prosjektplanen og organisasjonsplanen. Også om kva for kommunalsjefar som det er sett i gong utlysingprosess på i Haram, sjølv om dette er avhengig av eit avklart delingsbudsjett. Når organisasjonsplanane no er på plass kan ein ta fatt på bemanningsplanar, desse skal drøftast med tillitsvalde 14. februar.  

Mann på talerstol - Klikk for stort bileteNy prosjektleiar Anders Norvald Hammer orienterte for første gong for utvalet Jon Åge Giske Andersen

Stadfesta politisk struktur

Dei føreslegne overordna politiske strukturane for dei to nye kommunane vart vedtekne av utvala. Forslaget gjekk på størrelse på kommunestyre og formannskap, og kva for utval ein ønsker å ha. Til slutt vil det likevel vere opp til dei påtroppande kommunestyra å bestemme, i sitt første konstituerande møte, kva struktur dei vil ha. Vedtaka fatta i utvala er derfor ei innstilling. 

Samarbeid om kulturskule

I forbindelse med utarbeiding av organisasjonsplanar har det blitt foreslått eit vertskommunesamarbeid mellom dei to nye kommunane om kulturskuletilbodet. Ålesund er foreslått som vertskommune. Begge utvala ønska å sjå nærare på dette.

Sjå meir om kommunedeling på samlesida.